Noko smart og noko rart

men alt is art

Afghanistan – Del II

Til den nesten delen gjer me eit byks i historia fram til 1747. Då var det det vi kalla Durran-riket, styrt av Durran-dynastiet, eller Durran-familien, i det området me kallar Afghanistan i dag. Men det er ikkje det eg skal konsentrere meg om. Eg skal gjere endå eit byks fram til 1800-talet, då britane endleg hadde fått godkjent India som sin koloni. Britane og russarane var meir enn villige til å ta kontroll over land som låg mellom dei, eller mellom India, som britane åtte, og Russland. Der låg mellom anna dagens Afghanistan. Medan det russiske imperiet voks, ynskte britane å sette inn ei eiga regjering i Afghanistan. Britane visste at det har kome mange åtak mot det indiske kontinentet frå Afghanistan tidlegare, og no som russarane var rett nord for landet, var det lett for dei å berre gå gjennom. Difor ynskte dei å ta det til seg.

På trona i Afghanistan sat det ein som samarbeidde med persarane og russarane, og det førte til eit britisk åtak i 1838. Britane samarbeidde med ei lita gruppe i landet, men landet var vanskeleg å halde på, det var mange ulike hærførarar, lokale og ikkje fult så lokale, som hadde støytte hjå tsaren i Russland eller britane. Det fyrste åtaket vart mislukka. Men britane gav ikkje opp så lett og førebudde seg og utførte eit nytt åtak. Det var like vanskeleg å halde på landet då òg, det var nesten dei same militære gruppene. Og tsaren var like ivrig. Båe desse åtaka, som eigentleg var eitt samanhangande åtak var mislukka. Dei strakk seg nesten over eit halvt århundre. Så kom fyrste verdskrig, som stogga kampane, av di russarane og britane hadde hamna på same side, ved at båe var alliert med Frankrike.

Med eit åtak mot britane i India i 1919, ropte Afghanistan seg sjølv sjølvstendig. Alt i alt gjekk ikkje åtaket så bra, men dei fekk halde fram som eit sjølvstendig land. Utover det neste tiåret knytt landet seg til stadig fleire av dei store etablerte nasjonane.

13/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget