Ballerinakjeksen – faktor for faktor

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.
Alle har vel høyrd om Ballerina-kjeksen. Pakka er raud, har nokre bilete av kjeksen og sjølvsagt står namnet på høgkant. Kjeksen ser ut som ein tørka smultring, men om du ikkje veit det, er det inga meining i å lese resten.
Kjeksen er heilt grei, ikkje av dei beste, men dei kunne vore mykje verre. Noko det finst døme på, utan at eg skal gå nærare inn på det. Men det er eitt element med denne kjeksen som er litt irriterande. Kjeksen er bygd opp av tre lag, ikkje det at dét er så gale, men det er eitt av laga som er litt spesielt. Dei tre laga er fyrst ein botnkjeks som truleg inneheld noko kakao eller noko som liknar, og har ein god kakaosmak. Oppå den er det eit lag med ein nøttesjokolade som liknar Nugatti, desse to laga samhandlar og skapar ein god sjokoladesmak, men Sætre nøygjer seg ikkje med dét. Neinei.
Etter det kjem det, det plagsomme kvite laget som ikkje inneheld noka form for kakao. Kvifor er det der i det heile tatt? Er det mangel på sjokolade? Overskot av ekle kvite kjeks med hòl i? Ville eg ha hatt kjeks utan sjokolade ville eg ha kjøpt det, men eg vil ha sjokoladekjeks, ikkje ei blanding. Så eg ville berre ha fjerna det, og heller seld det som ein eigen kjeks – om det er så viktig å få seld han.
Den kvite kjeksen øydelegg totalsmaken.
Eg ville berre nemne det
-
Recent
-
Lenkjer
-
Arkiv
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (13)
-
kategoriar
-
RSS
Entries RSS
Comments RSS