Noko smart og noko rart

men alt is art

Afghanistan – Del III

No har Afghanistan endeleg vorte eit sjølvstendig land, men moroa skulle ikkje vare lenge. Det nye Afghanistan fekk gode diplomatiske samband til den nye kommunistregjeringa i Sovjetunionen. Sovjet ynskte at Afghanistan skulle fjerne anti-kommunistiske element frå Sentral-Asia. Sjølvsagt var dette noko britane ikkje likte, men dei gjor ikkje serleg mykje ut av det.

Det var i denne perioden landet etablerte eit eige luftvern, og hæren vart omstrukturert og vart meir moderne og profesjonell. Det var mange mykje som skjedde i landet då, mange reformer som vart sette ut i live og mange som daua då den fyrste monarken av det nye Afghanistan gjekk av i 1929. Han skulle garantere for menneskerettar, for skule for alle, fjerning av slaveri og bortetter.

Men så vart det ein borgarkrig, og åtaket på Kabul, hovudstaden, var vellukka. Då dauda, som nemnt, mange av Afghanistan sine planlagte reformar, for han som tok over var ikkje like radikal. Han greidde ikkje å opprette ein fungerande hær, og mange stammestyrkjar skapte uro i landet. Den nye herskaren laga ei grunnlov i 1931, som garanterte eit slags demokrati, men dette var aldri tilfellet. I 1934 vart Afghanistan medlem av Folkeforbundet, og landet styrkja sine band med sine naboland. I dei neste tiåra var ei tid for mislukka reformer og småproblem – småkriging –  med dei lokale stammane og Pakistan, som då var ein heilt ny nasjon. Etter 1953, då Afghanistan fekk ein pro-vestleg statsminister, byrja landet å få ein meir vestleg haldning – noko ikkje alle likte, sjølvsagt.

Under den kalde krigen freista Afghanistan å styrkje bandane sine med USA, men nekta å vere med på nokre paktar i regi av USA. Ei ri etter at han hadde gått av gjorde den då tidlegare statsministeren eit statskupp som avskaffa monarkiet i landet. Afghanistan var ein republikk. Han freista å modernisere landet, men nokre få år etter, i 1978, vart det gjennomført ein nytt kupp, denne gongen av kommunistane i Afghanistan. Dette kuppet vart ikkje så vellukka som det førre. Året etter kom Sovjetunionen og skulle sjå på saka.

14/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del II

Til den nesten delen gjer me eit byks i historia fram til 1747. Då var det det vi kalla Durran-riket, styrt av Durran-dynastiet, eller Durran-familien, i det området me kallar Afghanistan i dag. Men det er ikkje det eg skal konsentrere meg om. Eg skal gjere endå eit byks fram til 1800-talet, då britane endleg hadde fått godkjent India som sin koloni. Britane og russarane var meir enn villige til å ta kontroll over land som låg mellom dei, eller mellom India, som britane åtte, og Russland. Der låg mellom anna dagens Afghanistan. Medan det russiske imperiet voks, ynskte britane å sette inn ei eiga regjering i Afghanistan. Britane visste at det har kome mange åtak mot det indiske kontinentet frå Afghanistan tidlegare, og no som russarane var rett nord for landet, var det lett for dei å berre gå gjennom. Difor ynskte dei å ta det til seg.

På trona i Afghanistan sat det ein som samarbeidde med persarane og russarane, og det førte til eit britisk åtak i 1838. Britane samarbeidde med ei lita gruppe i landet, men landet var vanskeleg å halde på, det var mange ulike hærførarar, lokale og ikkje fult så lokale, som hadde støytte hjå tsaren i Russland eller britane. Det fyrste åtaket vart mislukka. Men britane gav ikkje opp så lett og førebudde seg og utførte eit nytt åtak. Det var like vanskeleg å halde på landet då òg, det var nesten dei same militære gruppene. Og tsaren var like ivrig. Båe desse åtaka, som eigentleg var eitt samanhangande åtak var mislukka. Dei strakk seg nesten over eit halvt århundre. Så kom fyrste verdskrig, som stogga kampane, av di russarane og britane hadde hamna på same side, ved at båe var alliert med Frankrike.

Med eit åtak mot britane i India i 1919, ropte Afghanistan seg sjølv sjølvstendig. Alt i alt gjekk ikkje åtaket så bra, men dei fekk halde fram som eit sjølvstendig land. Utover det neste tiåret knytt landet seg til stadig fleire av dei store etablerte nasjonane.

13/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del I

Eg vil no, utan tydelege meiningar, skrive nokre innlegg  der eg tek føre meg historia åt Afghanistan. Afghanistan er kanskje den sanddyna i verda som er mest omtala og har den mest dramatiske historia. Historia strekk seg langt attende, like langt som all anna historie, eigentleg. Difor startar eg med å seie litt om islamifiseringa, som ikkje aqrat vart innført med såkalla «snik-islamifisering»

Afghanistan hadde allereie den gongen vorte erobra av europearar, nemleg Alexander den Store av Makedonia. Men islamifiseringa skjedde ein god det år seinare, kring år 700. Afghanistan vart konvertert til islam i dei siste århundra av det fyrste millenium. Det skjedde i samband med dei arabisk-muslimske felttoga som spreidde seg frå den arabiske halvøya etter Muhammed dauda i 637. Afghanistan vart altså islamifisert på omtrent same måte som Noreg vart kristna eit par-tre hunde år etter. Etter det vart det ymse muslimske dynasti som herja der Afghanistan er i dag.

Dette kan du se på som ei innleiing, altså…det kjem meir. Eller så gjev ikkje dette noko serleg meining.

12/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget