Noko smart og noko rart

men alt is art

Beste bilen i verda…

Eg kom til å tenkje på denne miljøvenlege elbilen, som skal vere så bra for tida. Han får ymse fordelar som å kjøyre i eit eige felt, eigne parkeringsplassar, men det viktigaste er vel at han er miljøvenleg?

Men. Er han verkleg så miljøvenleg?

Joda, han gjeng på straum i staden for bensin eller diesel, som dei hine gjeng på. Elektriske apparat slepp ikkje ut noko anna enn ein bil som rører seg og noko varme. Men kvar kjem elektrisiteten frå? Vasskraft? Joda, men det er ikkje så enkelt:

Me i Noreg produserar straum mest frå vasskaraft, men me kan ikkje likevel ikkje bruke så mykje straum me vil og legge samvita på at han kjem frå vasskraft. Heile Europa sitt nettverk av straum er sambunde, og difor vert all «vår» vasskraft bruka ein eller annan stad i Europa, så om me brukar meir straum, vert det produsert meir straum hjå eit kolkraftverk i Tyskland. Eller, om me er heldige, så kjem straumen frå eit atomkraftverk i t.d. Frankrike eller Sverige.

Då kan me stille spørsmålet om det er så miljøvenleg. Ut frå dette er elbilar ikkje miljøvenlege i det heile tatt. For deg som framleis ikkje er overtydd, tek eg med nokre faktorar til:

Det kostar energi å produsere desse bilane. Det kostar energi å frakte desse bilane. Det kostar energi å lage alle elbilfelta som dei er så heldige å få kjøyre på. Dei må jo lage fleire slike elbilfelt for at det skal vere noko nytte å kjøyre det. Det vert jo fulle.

For de som no er overtydd, skal eg få deg til å tvile litt igjen.

For ein bensin- eller dieselmotor nyttar ganske lite av energien til å røre på bilen, mykje av energien gjeng til varme og lyd. Medan i ein elektrisk bil vert mykje meir av energien nytta til det han skal. Men for all del kol- og oljekraftverka tapar òg mykje energi når dei lagar elektrisk straum, men ikkje så mykje som bilmotorar. Men sjølvsagt meir enn ein elektrisk motor.

Og om me ikkje erstattar bilane våre med elbilar, men vel det når me uansett skal skifte bil, så er ikkje produksjons- og fraktenergien noko meir enn ellers.

Eg ville berre nemne det

13/05/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , | Kommenter innlegget