Noko smart og noko rart

men alt is art

Kvifor nynorsk?

Kvifor ikkje?

Om du i det minste er litt over minimum observang, og det er du nok, du fann jo denne sida, så har du allereie oppdaga at eg skriv på nynorsk. Du har vel òg oppdaga at eg faktisk skriv om at eg skriv på nynorsk; då er ikkje vegen lang til å skjøne at eg ikkje kjem frå eit erkenynorsk område. Difor kan det òg vere sume enkle feil her. Eg kjem frå Molde, ein såkalla målnøytral kommune, der alt går på bokmål. Og der bokmålet har øydelagt den flotte nynorskliknande dialekta.

Men kvifor nynorsk?

Som nemt lengre oppe øydelegg bokmålet dialektane, og då min dialekt, som eg vil halde på. Det har eg mer eller mindre plik til å seie som medlem av Norsk Målungdom. Men den eigentlege grunnen til at eg skriv nynorsk er at eg slepp unna med så mykje meir enn ellers. Det vert meir seriøst på nynorsk, og dei som les tekstar på nynorsk trur at skrivaren meiner noko med det, sjølv om det kanskje berre er meiningslaust skriveri. Eg lev etter regelen: «Er det på nynorsk, då må det vere sant», som eg fann på akkurat no.

Så om du er ein fjortiZZ frå ein by du trur er den største i verda, og difor skriv bokmål – og hatar nynorsk, eller om du er ein heilt annan, så er det det som er grunnen, god eller dårleg.

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: