Hvað ef Noregur kaupar Íslands?
Som dei fleste veit har Island gjort det ganske dårleg. Dei kom ikkje fint ut or finanskrisa. Medan Noreg har gjort det mykje betre enn dei fleste andre land. Heia Noreg! Då hadde det jo ikkje vore so dumt om Noreg kjøpte Island? Noreg kunne teke både gjelda og styringa.
Kva som ville skjedd om Noreg kjøpte Island, er det mange som kan konspirere i, men det er ingen som har teke opp spursmålet om kva flagg me skal ha. So det skal eg veldig kort gjere her:
Det kunne vere at me hadde heldt på dei flagga me har i dag? Men om me skulle vorte eitt land hadde det vore litt dumt. Kanskje me hadde teke etter modellen som me hadde under Sverige for ei tid tilbake? Eit lite norsk flagg oppe til vinstre på det islandske? Då hadde det verka som om Island hadde vore ein koloni, og det vil sikkert ikkje Islendingane vere med på.
Men so kjem det ultimate:
Kva om me blandar det norske og det islandske? Det er jo det beste? Viss me tek å balandar saman dei blå firkantane frå det islandska flagge med dei raude frå det norske, får me fire lilla firkantar. Blandar me dei kvite krossa, får me… kvit, og blandar me det raude krosset i midta av det islandske og det blå frå det norske får me eit lilla kross. Som plasserast i midta. Då får me eit flagg som er lilla, kvitt og lilla. Qlt, ja?
Eg ville berre nemne det…

Det ultimate flagget for Noreg-Island eller Norland eller Iseg...noko slikt
Beste bilen i verda…
Eg kom til å tenkje på denne miljøvenlege elbilen, som skal vere så bra for tida. Han får ymse fordelar som å kjøyre i eit eige felt, eigne parkeringsplassar, men det viktigaste er vel at han er miljøvenleg?
Men. Er han verkleg så miljøvenleg?
Joda, han gjeng på straum i staden for bensin eller diesel, som dei hine gjeng på. Elektriske apparat slepp ikkje ut noko anna enn ein bil som rører seg og noko varme. Men kvar kjem elektrisiteten frå? Vasskraft? Joda, men det er ikkje så enkelt:
Me i Noreg produserar straum mest frå vasskaraft, men me kan ikkje likevel ikkje bruke så mykje straum me vil og legge samvita på at han kjem frå vasskraft. Heile Europa sitt nettverk av straum er sambunde, og difor vert all «vår» vasskraft bruka ein eller annan stad i Europa, så om me brukar meir straum, vert det produsert meir straum hjå eit kolkraftverk i Tyskland. Eller, om me er heldige, så kjem straumen frå eit atomkraftverk i t.d. Frankrike eller Sverige.
Då kan me stille spørsmålet om det er så miljøvenleg. Ut frå dette er elbilar ikkje miljøvenlege i det heile tatt. For deg som framleis ikkje er overtydd, tek eg med nokre faktorar til:
Det kostar energi å produsere desse bilane. Det kostar energi å frakte desse bilane. Det kostar energi å lage alle elbilfelta som dei er så heldige å få kjøyre på. Dei må jo lage fleire slike elbilfelt for at det skal vere noko nytte å kjøyre det. Det vert jo fulle.
For de som no er overtydd, skal eg få deg til å tvile litt igjen.
For ein bensin- eller dieselmotor nyttar ganske lite av energien til å røre på bilen, mykje av energien gjeng til varme og lyd. Medan i ein elektrisk bil vert mykje meir av energien nytta til det han skal. Men for all del kol- og oljekraftverka tapar òg mykje energi når dei lagar elektrisk straum, men ikkje så mykje som bilmotorar. Men sjølvsagt meir enn ein elektrisk motor.
Og om me ikkje erstattar bilane våre med elbilar, men vel det når me uansett skal skifte bil, så er ikkje produksjons- og fraktenergien noko meir enn ellers.
Eg ville berre nemne det
Noreg – kjem opp frå djupet som sjønasjon
No har dei norske utsendingane til SN endeleg smilt så mykje at dei fekk store massar med vatn. Desse mengdene har Noreg -og dei hine nasjonane her oppe – kjempa for lenge, og no har vi endeleg vunne. Noreg kan endeleg sende ut kystvakta til dei områda for å jage vekk folk som ikkje er norsk. No kan Noreg att ein gong føle seg som ekte nordmenn, som då «vi» herska over nordsjøen, då må tanken om at vi fekk dei av SN sjølvsagt trengjast vekk.
No jublar alle nordmenn, Nore har vorte større. Sjølvsagt er det bra! Alle går no rundt å smilar og tenkjer: «Eg tenkjer på at Noreg har vorte større, gjer du?» Og så føler dei at har medverka smått med den tanken. Men dei reagerer som om livet deira kjem til å verte betre. Som om dette er ein prestasjon for dei personleg…litt rart…
Men til det som kanskje kan reknast som viktigast; at vi får fleire millionar liter vatn veldig langt ute på sjøen. Korleis vi skal få tak i det eller å bruke det er eit spørsmål eg undrar over. Vi må jo bruke opp det vi har frå før. Dei vonar jo å finne fisk der, sjølv om folk har fiska der i årevis, så det å vone på det er litt rart. Men det dei vonar mest på er om dei kan finne olje og gass der ute. Då kan Noreg byggje endå ei av verdas lengste gassrøyrleidningar, og få verda sine auge retta mot seg. Dei han halde fram dobbelmoralen som oljeleverande miljønasjon som slepp ut mest CO2 i høve til tal innbyggjarar. Jaudå det er litt rart å gje monsteret til nokon som slepp det fri, for så å klage på at det er frisette. Men kva gjer vel dét? Noreg vart større!
No har politikarane og kystvakta noko å sysle med ei stund.
Eg ville berre nemne det.
Påska – noko ikkje alle har skjønt?

Ei påskefeiring for dei proffe
No som den årlege påska likevel er her, så kan eg like gjerne seie noko om ho. Påska i seg sjølv er ei heilt grei orsaking for å få nokre dagar fri, og til å sende dårlege program i fjernsyne i staden for dei ordinære. Påska, som alle dei hine høgtidene har ein del merklege til ved seg, som liksom høyrer med. Som til dømes måla egg, ta inn kvistar i stova for å sjå at dei sakte dauar, ete godteri frå pappegg, noko som gjer jølve etinga litt upraktisk og sjølvsagt den gule påskekyllingen, som vi har lært å verte så glad i. Men kvar påskeharen kjem frå er framleis eit mysterium, han kjem, legg att egg og kverv før nokon ser han. Men den alle merklegaste tingen har ikkje noko med med kjende kommersielle teigen av påska, men den religiøse.
For kvar påske finn enkelte religiøse folk i utlandet, altså til og med vi i Noreg skjønar at dette vert for dumt, på å pine seg sjølv. Det er mest i dei katolske delane av verda, eller, berre i dei katolske delane. Kvar ellers? Men det å pine seg sjølv? Dei går rundt i gatene å piskar seg sjølv, med nokre piskegreier heilt til dei blør. Og då, då held dei fram endå ei ri. Enkelte tek til og med etter sjølvaste herr Kristus og lèt seg hengje opp på eit kors av tre, sume med spikar, sume med tau. Dei som lèt seg spikre fast til plankene vert nøydd til å gå rundt med store hòl i hendene, for dei gror ikkje så raskt, det positive er at hòla er der neste år òg. I desse miljøa finst det òg veteranar som «kan dette her», slik som i andre bransjar. Dei ber store namn innad i miljøet, som eg ikkje kan skrive med latinske bokstavar, men dei er berre kjend for dei som driv med dette, slik som Tony Hawk er for rullebrettkjøyrarar. Jesus, som ein av dei fyrste verdskjendisane, visste ikkje kor lett folk tek etter kjendisar – tydeligvis, men han, som Gud sin son og greier, burde skjøne såpass.
Det at dei faktisk gjer det kan eg ikkje seie noko på, med tanke på at det skjer verre og meir barbariske ting i verda som berre ventar på ein sivilisert kommentar – til dømes krigen i Afghanistan. Men grunnen til at dei gjer det er heilt…rar. Dei gjer det for å gå i Jesus sine fotspor og for å syne til Jesus og verda kor kristne dei er. Kor katolske dei er. Men same kor kristne dei er så er det noko med dei ikkje har skjønt; nemleg grunne til at Jesus vart korsfesta. Han vart nemleg korsfesta for alle oss andre, slik at vi ikkje treng det. Han vart straffa for alle syndane til menneska. Dette er vel kanskje dårleg nytt for dei med hòl i hendene sine.
Men det er noko å tenkje på før du veljer å sysle med slike ting.
Eg ville berre nemne det…
-
Recent
-
Lenkjer
-
Arkiv
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (13)
-
kategoriar
-
RSS
Entries RSS
Comments RSS