Noko smart og noko rart

men alt is art

Hvað ef Noregur kaupar Íslands?

Som dei fleste veit har Island gjort det ganske dårleg. Dei kom ikkje fint ut or finanskrisa. Medan Noreg har gjort det mykje betre enn dei fleste andre land. Heia Noreg! Då hadde det jo ikkje vore so dumt om Noreg kjøpte Island? Noreg kunne teke både gjelda og styringa.

Kva som ville skjedd om Noreg kjøpte Island, er det mange som kan konspirere i, men det er ingen som har teke opp spursmålet om kva flagg me skal ha. So det skal eg veldig kort gjere her:

Det kunne vere at me hadde heldt på dei flagga me har i dag? Men om me skulle vorte eitt land hadde det vore litt dumt. Kanskje me hadde teke etter modellen som me hadde under Sverige for ei tid tilbake? Eit lite norsk flagg oppe til vinstre på det islandske? Då hadde det verka som om Island hadde vore ein koloni, og det vil sikkert ikkje Islendingane vere med på.

Men so kjem det ultimate:

Kva om me blandar det norske og det islandske? Det er jo det beste? Viss me tek å balandar saman dei blå firkantane frå det islandska flagge med dei raude frå det norske, får me fire lilla firkantar. Blandar me dei kvite krossa, får me… kvit, og blandar me det raude krosset i midta av det islandske og det blå frå det norske får me eit lilla kross. Som plasserast i midta. Då får me eit flagg som er lilla, kvitt og lilla. Qlt, ja?

Eg ville berre nemne det…

Det ultimate flagget for Noreg-Island eller Norland eller Iseg...noko slikt

Det ultimate flagget for Noreg-Island eller Norland eller Iseg...noko slikt

30/06/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , | Kommenter innlegget

Det kurerer alt

Som kjend kurerer Ali Kaffe gruff, ikkje det at eg veit kva «gruff» er eller kva kaffi kan gjere med det. Men same kva gruff er så slår ikkje Ali Kaffe sjokolademjølk – det kurerer alt. Kan du tenkje deg noko betre enn sjokolademjølk? Sjokolademjølk gjer ein dårleg dag til ein god dag, ein god dag til ein betre og den beste dagen du har hatt til ein bestare dag. Sjokolademjølk gjer ikkje berre dagen betre, men fjernar alt som ikkje er bra – enkelt og greitt. Ting som hovudverk og søvnløyse er inga sak for eit glas sjokolademjølk.

Personeleg tek eg ei skei sjokolademjølk kvar morgon og kveld, slik på førehand. Eg vil ikkje vere nøydd til å ha ein kartong ståande å freiste i fall eg treng han. Då er det betre å ta ei skei på førehand. Dei få gongene eg er med dokteren krev eg å få sjokolademjølk i staden for alt anna – om eg er dårleg då, men det er eg jo ikkje, av nemde grunnar.

Det er berre éin ting ho ikkje døyvar; det er lysta på sjokolademjølk. Det er i grunna litt dumt; for å ha litt sjokolademjølk ståande er alltid lurt. Men det er òg heilt greitt, for ho held seg ikkje lengje uansett. Det at du har lyst på sjokolademjølk, gjer at ho vert endå betre når du fyrst drikk henne. (SJOKOLADEMJØLK ER GODT!!)

For å få det meir personleg og ekte tek eg resten på mi eiga dialekt (i vill bare minne om att i har retrofleks i mi dialekt)

Fårr åss såmm drikk sjokolademelk, e de krise omm de står enn tomm kartong i kjøleskape. De e såmm å skrape ett skraplodd å sjå att enn etter enn null kjemm framm etter ett-tale, bare fårr å oppdage att lodde e falskt. Vi hadde ikkje hatt problem me å sette åss på kne frammfårr kjøleskape å bett om sjokolademelk, viss nåkken hadde fått åss te å tru att de da hadde kommet sjokolademelk. Sjokolademelkdrikking e såmm enn rellion.

I vill ikkje ha nåkka rangsjering av ka fårr melk e besst, menn i vill sei at Q-Melk-sjokolademelka e den besste. Men ho e tett etterfulkt av Litago tå Tine. Begge demm smaka slik sjokolademelk ska smake; sjokolade, menn ikkje fårr konsentrert (fårr mykkje), menn heller ikkje fårr mykkje melkesmak – perrfekt. Men vi har ei melk som ikkje e slik. Kartongen e firkanta, nestn såmm enn terning, såmm enn bokks. De e feil! Namne står me grønn skrifft! Grønn! De e liksom sjokolademelk, ikkje spinat. SJOKO heite ho, å ho smaka fole, som kall kakao. Kall kakao! Kakao e appsålutt ikkje sjokolademelk.

Men: Sjokolademelk e fole gått!
I ville bare understreke korr mykkje i lika sjokolademelk, viss du lurte…

Eg ville berre nemne det…

Eitt glas av vidunderdrikken

Eitt glas av vidunderdrikken

10/06/2009 Posted by | Noko smart og noko rart | , , | Kommenter innlegget

Beste bilen i verda…

Eg kom til å tenkje på denne miljøvenlege elbilen, som skal vere så bra for tida. Han får ymse fordelar som å kjøyre i eit eige felt, eigne parkeringsplassar, men det viktigaste er vel at han er miljøvenleg?

Men. Er han verkleg så miljøvenleg?

Joda, han gjeng på straum i staden for bensin eller diesel, som dei hine gjeng på. Elektriske apparat slepp ikkje ut noko anna enn ein bil som rører seg og noko varme. Men kvar kjem elektrisiteten frå? Vasskraft? Joda, men det er ikkje så enkelt:

Me i Noreg produserar straum mest frå vasskaraft, men me kan ikkje likevel ikkje bruke så mykje straum me vil og legge samvita på at han kjem frå vasskraft. Heile Europa sitt nettverk av straum er sambunde, og difor vert all «vår» vasskraft bruka ein eller annan stad i Europa, så om me brukar meir straum, vert det produsert meir straum hjå eit kolkraftverk i Tyskland. Eller, om me er heldige, så kjem straumen frå eit atomkraftverk i t.d. Frankrike eller Sverige.

Då kan me stille spørsmålet om det er så miljøvenleg. Ut frå dette er elbilar ikkje miljøvenlege i det heile tatt. For deg som framleis ikkje er overtydd, tek eg med nokre faktorar til:

Det kostar energi å produsere desse bilane. Det kostar energi å frakte desse bilane. Det kostar energi å lage alle elbilfelta som dei er så heldige å få kjøyre på. Dei må jo lage fleire slike elbilfelt for at det skal vere noko nytte å kjøyre det. Det vert jo fulle.

For de som no er overtydd, skal eg få deg til å tvile litt igjen.

For ein bensin- eller dieselmotor nyttar ganske lite av energien til å røre på bilen, mykje av energien gjeng til varme og lyd. Medan i ein elektrisk bil vert mykje meir av energien nytta til det han skal. Men for all del kol- og oljekraftverka tapar òg mykje energi når dei lagar elektrisk straum, men ikkje så mykje som bilmotorar. Men sjølvsagt meir enn ein elektrisk motor.

Og om me ikkje erstattar bilane våre med elbilar, men vel det når me uansett skal skifte bil, så er ikkje produksjons- og fraktenergien noko meir enn ellers.

Eg ville berre nemne det

13/05/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , | Kommenter innlegget

Fyrste fyrste mai-dag

Eg klarte ikkje å la det vere. Når eg har skrive om fyrste mai på bokmål, må eg skrive noko om dagen på nynorsk òg. Etter å ha tenkt ganske lenge, om lag i tre og fire kvart minutt, fann eg ut at eg kunne skrive om dagen derpå, fyrste fyrste mai-dag. Eller skrive om fyrste mai sett frå fyrste fyrste mai-dag.

Ser eg attover, på fyrste mai, var det demonstrasjoner og opptøyer sume stadar og andre stadar var det bruk av vald. Ein vanleg fyrste mai, altså.

Men så er det attende til jobb og skule, etter ein hard dag med demonstrering på ymse vis, roping av slagord og stiling ymse krav. For alle er ikkje dette like enkelt, men det skal ikkje eg skrive serleg mykje om. Men kanskje litt, for som dei fleste burde vilte så er det laurdag i dag, noko som tyder at vi ikkje skal gå attende til jobb of skule før på måndag. Heldig med dén.

Men.

Fyrste mai er ein dag ulik dei hine dagane, til dømes er det den einaste dagen som av politiske grunnar har vorte ein fridag. Men det er FYRSTE mai, dette her var meint å handle om fyrste fyrste mai-dag. Ftrste mai er ein dag som skal fremme arbeiderrørsla og deira rettar; til dømes: Kortare arbeidsdag, høgare løn, betre mat i kantina og bortetter. Men, det kan vere av di det er laurdag, men eg har ikkje sett noko til noko av det. Ikkje kortare arbeidsdag, ikkje høgare løn og ikkje betre mat i kantina. Ikkje betre arbeidstilhøve heller for den saka si skuld.

Ein kan jo byrje å lure på om dette verkleg fungerar.

PS.
DO NOT TRY THIS AT HOME!
Ikkje bruk omgrepet «fyrste fyrste mai-dag» i saklege samband, det var berre noko eg fann på.

Eg ville berre nemne det…

02/05/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget

Første mai – fri?

Jeg håper at alle veit at første mai er en rød dag – eller skal jeg si en dobbel rød dag – og for mange er det en friadg. Men først og fremst skal det være en dag for arbeidere.

Første mai har en gelativt lang tradisjon i Norge. Den første markeringa fant sted allerede i 1890, i Kristiania, dagens Oslo. Sia da har sosialister, kommunister og arbeidere markert dagen med røde faner, bannere, flagg og slagord. Og såklart kampsanger. Krava som blei stilt i de første åra var lovfesta åttetimers arbeidsdag. Dette kravet var òg grunnen til at dagen blei «arbeiderdagen». Dagen blei staselig markert av sosialister og arbeidere som ville ha det bedre gjennom de store politiske kampene på 20-tallet, og etter det økonomiske krakket i 1929.

I Norge blei ikke dagen en offentlig høgtidsdag før 1947. Ikke veit jeg , men det kan være noe av grunnen til atså mange fikk sparken i begynnelsen av 30-åra. Jeg tenker på at de da sikkert måtte skule jobben for å gå i første mai-tog. Menmen. Sia det har de konservative høgrefolka prøvd å få arbeidrene tilbake på jobb denne dagen uten hell.

Det er ut fra dette jeg sier at første mai er en dobbel røddag; 1. det er en røddag i kalenderen, altså en høgtidsdag. Men det er òg en arbeiderdag, som bruker rød som si farge.

Tilbake til det som er … viktigere. Ingen arbeider med respekt for seg sjølv vil ikke gå tilbake på jobb når han får fri – uten grunn. Men gå i gata, dét vil de. Jaja.

Men så var det det med å markere arbeiderdagen med å ha fri. Å markere en dag som skal tale saka til de som arbeider, jobber med å la dem få fri? Det er litt rart.

Mange ekte førstemaiere

Mange ekte førstemaiere

Eg ville berre nemne det – Jeg ville bare nevne det

01/05/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget

FOTBALL!!!

-og karbondioksid

Eg veit eg har ei litt tabloid overskrift, men det er gjort om lag 87 % med vilje.

Ikkje alle tenkjer så mykje på dei to tinga samtidig, fotball og CO2. Det kjem kanskje av at dei som held på med fotball ikkje tenkjer så mykje, men òg av di dei hine, som driv ikkje driv med fotball, ikkje har så mykje med fotball å gjere. (med god grunn?)

Dei få som faktisk tenkjer på dei to tinga til same tid, som sikkert er miljøvernarar som hatar fotball, tenkjer høgst sannsynleg mest på at fotballindustrien slepp ut for mykje av denne livbringane gassen. Dei tenkjer at det krev mykje energi å lage alle ballane, og sjølvsagt frakta frå ein eller annan plass i Hung-Chang, byggje alle stadiona og bortetter. Men dei har rett; det  krev mykje energi og fylgjeleg då mykje slike «utslepp», som vi etterkvart har byrja å kalle det.

For

Fotball krev mykje energi. Som nemnt, vert det bygd mange stadion, og kvar enkelt av dei inneheld mange fotballar. Men det finst fleire ting. Til dømes spele ikkje spelarane på same bane heile tida. Dei flyttar seg rundt i landet og i verda, og det gjer dei ikkje med beina. Dei flyg – og alle veit at fly ikkje held på karbonet. Også er det alle tilhengjarane, dei flyg ofte dei òg når dei straumar som mævvr til tribunane sine.

Men

Fotballen gjer òg mykj noko som er bra. Det er vel ikkje fotballspelarane som gjer det, heller ikkjeklubbane. Så kven som gjer det og har skulda er ikkje lett å finne ut av. Også var det det som er bra då, kva kan det vere.

Men fyrst, litt fakta…

Karbondioksid er eit avfallsstoff frå forbrukande dyr, som nyttar oksygen og sukker for å leve. Dette avfallsstoffet nyttar produserarane i sitt arbeid med å overleve. Det er ein prosess  som omdannar vatn, karbondioksid og solenergi til sukker og oksygen. Dei såkalla produsentarane er det vi i dagleglivet ser på som tre, gras og planter.

Kva har det med fotball å gjere? Jo det har det med å gjere at fotballspelarane faktisk speler på ei diger matte av gras. Ei grasmatte som heile tida tek opp CO2. Så mange fotballbaner det finst i verda må det jo ha noko å seie? Men ser vi attover ser vi at det kanskje ikkje veg opp.

Eg veit ikkje – eg ville berre nemne det

Medan spelarane spelar, jobbar graset for klimaet

Medan spelarane spelar, jobbar graset for klimaet

20/04/2009 Posted by | Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Noreg – kjem opp frå djupet som sjønasjon

No har dei norske utsendingane til SN endeleg smilt så mykje at dei fekk store massar med vatn. Desse mengdene har Noreg  -og dei hine nasjonane her oppe – kjempa for lenge, og no har vi endeleg vunne. Noreg kan endeleg sende ut kystvakta til dei områda for å jage vekk folk som ikkje er norsk. No kan Noreg att ein gong føle seg som ekte nordmenn, som då «vi» herska over nordsjøen, då må tanken om at vi fekk dei av SN sjølvsagt trengjast vekk.

No jublar alle nordmenn, Nore har vorte større. Sjølvsagt er det bra! Alle går no rundt å smilar og tenkjer: «Eg tenkjer på at Noreg har vorte større, gjer du?» Og så føler dei at har medverka smått med den tanken. Men dei reagerer som om livet deira kjem til å verte betre. Som om dette er ein prestasjon for dei personleg…litt rart…

Men til det som kanskje kan reknast som viktigast; at vi får fleire millionar liter vatn veldig langt ute på sjøen. Korleis vi skal få tak i det eller å bruke det er eit spørsmål eg undrar over. Vi må jo bruke opp det vi har frå før. Dei vonar jo å finne fisk der, sjølv om folk har fiska der i årevis, så det å vone på det er litt rart. Men det dei vonar mest på er om dei kan finne olje og gass der ute. Då kan Noreg byggje endå ei av verdas lengste gassrøyrleidningar, og få verda sine auge retta mot seg. Dei han halde fram dobbelmoralen som oljeleverande miljønasjon som slepp ut mest CO2 i høve til tal innbyggjarar. Jaudå det er litt rart å gje monsteret til nokon som slepp det fri, for så å klage på at det er frisette. Men kva gjer vel dét? Noreg vart større!

No har politikarane og kystvakta noko å sysle med ei stund.

Eg ville berre nemne det.

17/04/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Romartala

Med “serien” om Afghanistan, som eg i fyrste del gav uttrykk av at eg ikkje hadde noko meining i, ville eg skrive om historia åt landet. Eg ville med det syne at Afghanistan alltid har vore herja med krig. Det er eit land som folk, både innanifrå og utanfrå, har freista å skape “fred” i, utan å lukast, i hundrevis av år. Og no gjer NATO og USA det same endå ein gong. Kvifor gje det ein ny sjanse? Det har vore gjort før, mange gonger.

Det er ikkje mogleg å okkupere ein sandhaug med militærteknologi – i alle fall ikkje lett.

Men for all del, det kan jo hende det fungersr,eg skal ikkje konkludere med noko, eg ville berre nemne det…

16/04/2009 Posted by | Afghanistan, Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del IV

I 1979 invaderte Sovjetunionen Afghanistan for å hjelpe den kommunistisk freistnaden på å ta makta i landet. Sovjet, som då var ein moderne militærnasjon, skulle sjølvsagt ta dette landet fort. Sovjetarane tok raskt Kabul, og sat inn ei ny kommunistisk regjering. Men sidan regjeringa var ikkje serleg populær hjå folket av di ho var sette inn av ei framand makt. Det var vanskeleg å byggje ein hær til den nye regjeringa, og leiarane i Moskva undervurderte motstanden dei ville få. Dei sende alt for få styrkjar og satsa for mykje på heimestyrkjane. Omverda likte sjølvsagt ikkje at Sovjetunionen hjelpte, eller invaderte, alt ettersom Afghanistan. Pakistan lét USA, etter amerikansk press sjølvsagt, bruke Pakistans si strategisk plassering til å hjelpe afghanarane som var mot kommunistane. Dei hine arabiske landa stilte seg mot invasjonen, det gjorde òg mange land i SN, men der hadde Sovjet vetorett, så dei kunne ikkje gjere noko. Utover i 80-åra auka Sovjet satsinga på krigen, men det såg ikkje ut til å ha noko innverknad. Etter nokre år med «meiningslaus kriging» synte Sovjet små teikn på å trekkje seg ut. I dei siste åra av tiåret trakk Den raude armé seg ut or afghanistan. Dei hadde misse mange menneske utan noko hensikt, eller til nesten ingen nytte.

Er det fleir som vil prøve?

15/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del III

No har Afghanistan endeleg vorte eit sjølvstendig land, men moroa skulle ikkje vare lenge. Det nye Afghanistan fekk gode diplomatiske samband til den nye kommunistregjeringa i Sovjetunionen. Sovjet ynskte at Afghanistan skulle fjerne anti-kommunistiske element frå Sentral-Asia. Sjølvsagt var dette noko britane ikkje likte, men dei gjor ikkje serleg mykje ut av det.

Det var i denne perioden landet etablerte eit eige luftvern, og hæren vart omstrukturert og vart meir moderne og profesjonell. Det var mange mykje som skjedde i landet då, mange reformer som vart sette ut i live og mange som daua då den fyrste monarken av det nye Afghanistan gjekk av i 1929. Han skulle garantere for menneskerettar, for skule for alle, fjerning av slaveri og bortetter.

Men så vart det ein borgarkrig, og åtaket på Kabul, hovudstaden, var vellukka. Då dauda, som nemnt, mange av Afghanistan sine planlagte reformar, for han som tok over var ikkje like radikal. Han greidde ikkje å opprette ein fungerande hær, og mange stammestyrkjar skapte uro i landet. Den nye herskaren laga ei grunnlov i 1931, som garanterte eit slags demokrati, men dette var aldri tilfellet. I 1934 vart Afghanistan medlem av Folkeforbundet, og landet styrkja sine band med sine naboland. I dei neste tiåra var ei tid for mislukka reformer og småproblem – småkriging –  med dei lokale stammane og Pakistan, som då var ein heilt ny nasjon. Etter 1953, då Afghanistan fekk ein pro-vestleg statsminister, byrja landet å få ein meir vestleg haldning – noko ikkje alle likte, sjølvsagt.

Under den kalde krigen freista Afghanistan å styrkje bandane sine med USA, men nekta å vere med på nokre paktar i regi av USA. Ei ri etter at han hadde gått av gjorde den då tidlegare statsministeren eit statskupp som avskaffa monarkiet i landet. Afghanistan var ein republikk. Han freista å modernisere landet, men nokre få år etter, i 1978, vart det gjennomført ein nytt kupp, denne gongen av kommunistane i Afghanistan. Dette kuppet vart ikkje så vellukka som det førre. Året etter kom Sovjetunionen og skulle sjå på saka.

14/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget