Noko smart og noko rart

men alt is art

SENK FARTA – FOTOBOKS

Senk farta ei ri - fotoboksen kjem

Senk farta ei ri - fotoboksen kjem

Det er mange ting vegvesenet gjer som er bra og det er nokre ting dei gjer som ikkje er så bra. Kva som er kva kan diskuterast, sjølvsagt. Men uansett kva du, eller de, meiner så er det éin ting som skil seg ut. Nemleg skiltet som syner at det er fotoboks i løpet av dei neste to-tre hundre meterane.

Eg berre spør: Er ikkje meininga med slike fotoboksar at dei skal ta dei som kjøyrar for raskt og skapar farlege situasjonar og trugar det perfekte trafikkbilete som så mange har eit ynskje om? Det er i alle fall slik eg har oppfatta det. Men det verkar som det er eit slikt kamera som er på tømmerrenna på Tusenfryd, no som dei har fått eigne skilt som åtvarar alle råkjøyrarar som har brukt dei siste kronene sine til bilen sin. Eller bildelar då sjølvsagt.

No får dei sitt eige signal som skrik til dei kvar fotoboksane har gjøymd seg, slik at dei då kan senke farta ei ri til faren er over, og fotoboksen passert. Det er greit det at dei senker farta, men kva hjelp det så lengje det er berre i om lag 100 meter?

Verre er det når det ikkje er kamera i boksen, slik at det vert berre ein boks. Desse boksane utan kamera er sjølvsagt strategisk plassert på plassar der det garantert berre kjøyrar lokale folk som veit at boksen er tom, og boksen misser funksjonen sin.

Hadde eg styrt dette landet her, så hadde det vore betre…det hadde vel strengt tatt ikkje vore så mange fotoboksar. Uansett, skal det vere fotoboksar må dei i det minste fungere. Det må ikkje vere kamera i dei, men det skal sjaførane liksom ikkje vite, i alle fall ikkje kva boksar som ikkje har kamera. Dei må òg vere overalt, om dei skal fungere.

Det aller beste hadde sjølvsagt vore å fjerna skilta.

Eg ville berre nemne det.

08/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , | Kommenter innlegget