Noko smart og noko rart

men alt is art

Orsak, orsak, orsak

No som eg hev gjort noko so dumt, skal eg vera snøgg. Eg skal ikkje spara eller halde orsakingane for meg sjølv: Orsak. Til alle de som heilt sikkert er veldig sint på meg: Orsak, og orsak til resten av dykk au. Til de som ikkje hev lese «artikkelen» nedanfyre: Orsak for at eg gløymde å takka og skriva om hann som fann opp sjokolademjølki.

So det skal eg gjera no:

Tenk å vere so genial å finna på noko slikt som å blanda mjølk og sjokolade! Me kann sjølvsagt vera etterpåklok og seia at «det er ikkje så hardt på finna på?» Men det synar berre kor lite du skjønar av kor vanskeleg det er…var. Det ligg nemleg mykje arbeid bak eit slikt produkt.
Fyrst so må det vera nokon som hev lyst på noko nytt
So må hann finna noko å laga – som er annleis, men ikkje skremmande
-der er den mange blindvegar, til dømes viss hann heng seg opp i å blanda jordbær og mjølk
-Hann må hava noko vettugt å blanda i hop, det er ein ganske hard prosess i seg sjølv
Det må vera noko godt, men au noko enkelt – genialt enkelt. Eg kann tenkje meg at hann sat ein dag attmed kjøkkenborda og smakte på vatnet hann hadde fyllt i glasa. Det hadde jo vore genialt; blanda smak – god smak – med vatn. Tydlegvis vart ikkje det noko tess. Då vart det mjølk. Blanda med: Eple? Nei. Banan? Nei. Mango? Nei. Jordbær? Nei. Sjokolade? Nei. Vassmelon? …Jo, sjokolade! Og der var blandingi av sjokolade, mjølk, kjerleik og genialitet eit faktum.

-Vel, det kann jo tenkjast at hann berre var nyfiken medan hann sat og åt sjokolade og drakk mjølk. Kanskje hann låg so godt i sofaen at hann ville reisa seg færreast mogeleg gongar, og difor blanda hann det for å ta «tvo i ein»

-Eller so kann hann hava vore uheldig å misst ein sjokoladebit medan hann hadde handa yver mjølkegalset på veg til munnen.
Men dette er ugenialiserande grunnar, so me held oss til den fyrste.

Uansett, hyllane i butikken vart sjøkvsagt raskt tomme, av di hann kunne ikkje laga so mykje sjokolademjølk heime på kjøkkena sitt.

Sjokol Ademjølk, heitte han sikkert, noko slikt i alle fall. Difor kalla han produket sjokolademjølk, den æra hadde hann fortent. Å kalla sjokolademjølki for sjokolademjølk.

Eg vil berre seie: Orsak, orsak, orsak.

Eg ville berre nemne det…

16/06/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende | | Kommenter innlegget

Fyrste fyrste mai-dag

Eg klarte ikkje å la det vere. Når eg har skrive om fyrste mai på bokmål, må eg skrive noko om dagen på nynorsk òg. Etter å ha tenkt ganske lenge, om lag i tre og fire kvart minutt, fann eg ut at eg kunne skrive om dagen derpå, fyrste fyrste mai-dag. Eller skrive om fyrste mai sett frå fyrste fyrste mai-dag.

Ser eg attover, på fyrste mai, var det demonstrasjoner og opptøyer sume stadar og andre stadar var det bruk av vald. Ein vanleg fyrste mai, altså.

Men så er det attende til jobb og skule, etter ein hard dag med demonstrering på ymse vis, roping av slagord og stiling ymse krav. For alle er ikkje dette like enkelt, men det skal ikkje eg skrive serleg mykje om. Men kanskje litt, for som dei fleste burde vilte så er det laurdag i dag, noko som tyder at vi ikkje skal gå attende til jobb of skule før på måndag. Heldig med dén.

Men.

Fyrste mai er ein dag ulik dei hine dagane, til dømes er det den einaste dagen som av politiske grunnar har vorte ein fridag. Men det er FYRSTE mai, dette her var meint å handle om fyrste fyrste mai-dag. Ftrste mai er ein dag som skal fremme arbeiderrørsla og deira rettar; til dømes: Kortare arbeidsdag, høgare løn, betre mat i kantina og bortetter. Men, det kan vere av di det er laurdag, men eg har ikkje sett noko til noko av det. Ikkje kortare arbeidsdag, ikkje høgare løn og ikkje betre mat i kantina. Ikkje betre arbeidstilhøve heller for den saka si skuld.

Ein kan jo byrje å lure på om dette verkleg fungerar.

PS.
DO NOT TRY THIS AT HOME!
Ikkje bruk omgrepet «fyrste fyrste mai-dag» i saklege samband, det var berre noko eg fann på.

Eg ville berre nemne det…

02/05/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget

Første mai – fri?

Jeg håper at alle veit at første mai er en rød dag – eller skal jeg si en dobbel rød dag – og for mange er det en friadg. Men først og fremst skal det være en dag for arbeidere.

Første mai har en gelativt lang tradisjon i Norge. Den første markeringa fant sted allerede i 1890, i Kristiania, dagens Oslo. Sia da har sosialister, kommunister og arbeidere markert dagen med røde faner, bannere, flagg og slagord. Og såklart kampsanger. Krava som blei stilt i de første åra var lovfesta åttetimers arbeidsdag. Dette kravet var òg grunnen til at dagen blei «arbeiderdagen». Dagen blei staselig markert av sosialister og arbeidere som ville ha det bedre gjennom de store politiske kampene på 20-tallet, og etter det økonomiske krakket i 1929.

I Norge blei ikke dagen en offentlig høgtidsdag før 1947. Ikke veit jeg , men det kan være noe av grunnen til atså mange fikk sparken i begynnelsen av 30-åra. Jeg tenker på at de da sikkert måtte skule jobben for å gå i første mai-tog. Menmen. Sia det har de konservative høgrefolka prøvd å få arbeidrene tilbake på jobb denne dagen uten hell.

Det er ut fra dette jeg sier at første mai er en dobbel røddag; 1. det er en røddag i kalenderen, altså en høgtidsdag. Men det er òg en arbeiderdag, som bruker rød som si farge.

Tilbake til det som er … viktigere. Ingen arbeider med respekt for seg sjølv vil ikke gå tilbake på jobb når han får fri – uten grunn. Men gå i gata, dét vil de. Jaja.

Men så var det det med å markere arbeiderdagen med å ha fri. Å markere en dag som skal tale saka til de som arbeider, jobber med å la dem få fri? Det er litt rart.

Mange ekte førstemaiere

Mange ekte førstemaiere

Eg ville berre nemne det – Jeg ville bare nevne det

01/05/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del IV

I 1979 invaderte Sovjetunionen Afghanistan for å hjelpe den kommunistisk freistnaden på å ta makta i landet. Sovjet, som då var ein moderne militærnasjon, skulle sjølvsagt ta dette landet fort. Sovjetarane tok raskt Kabul, og sat inn ei ny kommunistisk regjering. Men sidan regjeringa var ikkje serleg populær hjå folket av di ho var sette inn av ei framand makt. Det var vanskeleg å byggje ein hær til den nye regjeringa, og leiarane i Moskva undervurderte motstanden dei ville få. Dei sende alt for få styrkjar og satsa for mykje på heimestyrkjane. Omverda likte sjølvsagt ikkje at Sovjetunionen hjelpte, eller invaderte, alt ettersom Afghanistan. Pakistan lét USA, etter amerikansk press sjølvsagt, bruke Pakistans si strategisk plassering til å hjelpe afghanarane som var mot kommunistane. Dei hine arabiske landa stilte seg mot invasjonen, det gjorde òg mange land i SN, men der hadde Sovjet vetorett, så dei kunne ikkje gjere noko. Utover i 80-åra auka Sovjet satsinga på krigen, men det såg ikkje ut til å ha noko innverknad. Etter nokre år med «meiningslaus kriging» synte Sovjet små teikn på å trekkje seg ut. I dei siste åra av tiåret trakk Den raude armé seg ut or afghanistan. Dei hadde misse mange menneske utan noko hensikt, eller til nesten ingen nytte.

Er det fleir som vil prøve?

15/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del III

No har Afghanistan endeleg vorte eit sjølvstendig land, men moroa skulle ikkje vare lenge. Det nye Afghanistan fekk gode diplomatiske samband til den nye kommunistregjeringa i Sovjetunionen. Sovjet ynskte at Afghanistan skulle fjerne anti-kommunistiske element frå Sentral-Asia. Sjølvsagt var dette noko britane ikkje likte, men dei gjor ikkje serleg mykje ut av det.

Det var i denne perioden landet etablerte eit eige luftvern, og hæren vart omstrukturert og vart meir moderne og profesjonell. Det var mange mykje som skjedde i landet då, mange reformer som vart sette ut i live og mange som daua då den fyrste monarken av det nye Afghanistan gjekk av i 1929. Han skulle garantere for menneskerettar, for skule for alle, fjerning av slaveri og bortetter.

Men så vart det ein borgarkrig, og åtaket på Kabul, hovudstaden, var vellukka. Då dauda, som nemnt, mange av Afghanistan sine planlagte reformar, for han som tok over var ikkje like radikal. Han greidde ikkje å opprette ein fungerande hær, og mange stammestyrkjar skapte uro i landet. Den nye herskaren laga ei grunnlov i 1931, som garanterte eit slags demokrati, men dette var aldri tilfellet. I 1934 vart Afghanistan medlem av Folkeforbundet, og landet styrkja sine band med sine naboland. I dei neste tiåra var ei tid for mislukka reformer og småproblem – småkriging –  med dei lokale stammane og Pakistan, som då var ein heilt ny nasjon. Etter 1953, då Afghanistan fekk ein pro-vestleg statsminister, byrja landet å få ein meir vestleg haldning – noko ikkje alle likte, sjølvsagt.

Under den kalde krigen freista Afghanistan å styrkje bandane sine med USA, men nekta å vere med på nokre paktar i regi av USA. Ei ri etter at han hadde gått av gjorde den då tidlegare statsministeren eit statskupp som avskaffa monarkiet i landet. Afghanistan var ein republikk. Han freista å modernisere landet, men nokre få år etter, i 1978, vart det gjennomført ein nytt kupp, denne gongen av kommunistane i Afghanistan. Dette kuppet vart ikkje så vellukka som det førre. Året etter kom Sovjetunionen og skulle sjå på saka.

14/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del II

Til den nesten delen gjer me eit byks i historia fram til 1747. Då var det det vi kalla Durran-riket, styrt av Durran-dynastiet, eller Durran-familien, i det området me kallar Afghanistan i dag. Men det er ikkje det eg skal konsentrere meg om. Eg skal gjere endå eit byks fram til 1800-talet, då britane endleg hadde fått godkjent India som sin koloni. Britane og russarane var meir enn villige til å ta kontroll over land som låg mellom dei, eller mellom India, som britane åtte, og Russland. Der låg mellom anna dagens Afghanistan. Medan det russiske imperiet voks, ynskte britane å sette inn ei eiga regjering i Afghanistan. Britane visste at det har kome mange åtak mot det indiske kontinentet frå Afghanistan tidlegare, og no som russarane var rett nord for landet, var det lett for dei å berre gå gjennom. Difor ynskte dei å ta det til seg.

På trona i Afghanistan sat det ein som samarbeidde med persarane og russarane, og det førte til eit britisk åtak i 1838. Britane samarbeidde med ei lita gruppe i landet, men landet var vanskeleg å halde på, det var mange ulike hærførarar, lokale og ikkje fult så lokale, som hadde støytte hjå tsaren i Russland eller britane. Det fyrste åtaket vart mislukka. Men britane gav ikkje opp så lett og førebudde seg og utførte eit nytt åtak. Det var like vanskeleg å halde på landet då òg, det var nesten dei same militære gruppene. Og tsaren var like ivrig. Båe desse åtaka, som eigentleg var eitt samanhangande åtak var mislukka. Dei strakk seg nesten over eit halvt århundre. Så kom fyrste verdskrig, som stogga kampane, av di russarane og britane hadde hamna på same side, ved at båe var alliert med Frankrike.

Med eit åtak mot britane i India i 1919, ropte Afghanistan seg sjølv sjølvstendig. Alt i alt gjekk ikkje åtaket så bra, men dei fekk halde fram som eit sjølvstendig land. Utover det neste tiåret knytt landet seg til stadig fleire av dei store etablerte nasjonane.

13/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del I

Eg vil no, utan tydelege meiningar, skrive nokre innlegg  der eg tek føre meg historia åt Afghanistan. Afghanistan er kanskje den sanddyna i verda som er mest omtala og har den mest dramatiske historia. Historia strekk seg langt attende, like langt som all anna historie, eigentleg. Difor startar eg med å seie litt om islamifiseringa, som ikkje aqrat vart innført med såkalla «snik-islamifisering»

Afghanistan hadde allereie den gongen vorte erobra av europearar, nemleg Alexander den Store av Makedonia. Men islamifiseringa skjedde ein god det år seinare, kring år 700. Afghanistan vart konvertert til islam i dei siste århundra av det fyrste millenium. Det skjedde i samband med dei arabisk-muslimske felttoga som spreidde seg frå den arabiske halvøya etter Muhammed dauda i 637. Afghanistan vart altså islamifisert på omtrent same måte som Noreg vart kristna eit par-tre hunde år etter. Etter det vart det ymse muslimske dynasti som herja der Afghanistan er i dag.

Dette kan du se på som ei innleiing, altså…det kjem meir. Eller så gjev ikkje dette noko serleg meining.

12/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Kunnskap er makt?

Er kunnskap lik makt?

Er kunnskap lik makt?

I ymse samband høyrer vi at kunnskap er makt. Truleg på skulen. Men er eigentleg kunnskap makt?

Kvifor kan ikkje så alle smartingane styre landa i verda? -litt samfunnssatire…..

Uansett, det er utrykket eg vil sjå nærare på. Utrykket er basert på det at viss du sit på viktig informasjon, så har du makt til å styre ganske mykje. Avhengig av kva det dreier seg om. Til dømes om du har sett ein film, så spør ein annan om kva han handlar om og om du tykkjer han var bra. Kva du svarer på det kan avgjere om han eller ho vil sjå filmen eller ikkje. Fyljeleg har du makt nok til å få han til å sjå filmen eller ikkje. Eller viss du er kjend i eit område, til dømes ein by, så vil folk fylgje etter deg, eller spørje deg om kvar dei skal gå for å kome fram. Då har du makt til å gjere ganske mykje rart. Du kan til dømes berre nekte å seie noko viss du ikkje får noko att.

Men dette tyder ikkje at kunnskap er makt. Sjå for deg at du ikkje har sett filmen, men at han som spør trur det. Då kan du framleis svare det same, og du svaret ditt vil framleis avgjere om han eller ho vil sjå filme. Det er sjølvsagt inga ulempe å ha sett filmen. Poenget er er at så lenge dei du skal svare til trur du veit svaret, vil dei stole på deg. Så du treng eigentleg ikkje å vite noko sånn sett.

Eg ville berre nemne det

11/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , , | Kommenter innlegget

Ballerinakjeksen – faktor for faktor

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.

Alle har vel høyrd om Ballerina-kjeksen. Pakka er raud, har nokre bilete av kjeksen og sjølvsagt står namnet på høgkant. Kjeksen ser ut som ein tørka smultring, men om du ikkje veit det, er det inga meining i å lese resten.

Kjeksen er heilt grei, ikkje av dei beste, men dei kunne vore mykje verre. Noko det finst døme på, utan at eg skal gå nærare inn på det. Men det er eitt element med denne kjeksen som er litt irriterande. Kjeksen er bygd opp av tre lag, ikkje det at dét er så gale, men det er eitt av laga som er litt spesielt. Dei tre laga er fyrst ein botnkjeks som truleg inneheld noko kakao eller noko som liknar, og har ein god kakaosmak. Oppå den er det eit lag med ein nøttesjokolade som liknar Nugatti, desse to laga samhandlar og skapar ein god sjokoladesmak, men Sætre nøygjer seg ikkje med dét. Neinei.

Etter det kjem det, det plagsomme kvite laget som ikkje inneheld noka form for kakao. Kvifor er det der i det heile tatt? Er det mangel på sjokolade? Overskot av ekle kvite kjeks med hòl i? Ville eg ha hatt kjeks utan sjokolade ville eg ha kjøpt det, men eg vil ha sjokoladekjeks, ikkje ei blanding. Så eg ville berre ha fjerna det, og heller seld det som ein eigen kjeks – om det er så viktig å få seld han.

Den kvite kjeksen øydelegg totalsmaken.

Eg ville berre nemne det

09/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget

No skal vi kose oss, med litt fast food

Veldig mange har den tradisjonen med å samle seg og sjå på kjekke NRK-program på laurdagskveldane. Det er ikkje noko nytt fenomen, det starta allereie då NRK Radio byrja å sende familieprogram i radioen og det heldt fram då fjernsynet kom, og har no nesten vorte ein tradisjon hjå det norske folk. Men det at folk ser på program ingen eigentleg har lyst å sjå, eller at dei snakkar om ting ingen av dei er interessert i, det er relativt greit.

Det er maten det er noko gale med. Eller gale og gale, det viktigaste er vel at dei er nøgde. Men maten er ikkje heilt bra. Som nemt er laurdagskvelden ein familiekveld hjå mange familiar. Då skal dei setje seg for å sjå eit eller anna på NRK, ingen veit kva som går, men det er ikkje viktig. Dei latar som det er viktig med å sjå i lokalavisa og seier ting som: «Jasså, ja? Er det han som skal på skjerma i dag» Også er det maten. Reint logisk skal det då vere litt ekstra god mat denne dagen, i alle fall vanleg god mat, men neidå. Dei aller fleste et pizza. Det er mange som ete heimelaga pizza, og det er jo faktisk grei mat, slik det kanskje burde vere, så dei ser eg bort frå. Men eg tenkjer på frossenpizza, frossenpizza som sikkert er laga lengje før han kjem i butikken og som er fryst i butikken på alt for høg temperatur. Ein frossenpizza er stort sett laga av mjøl og litt vatn, og på toppen er det spreidd ein kvart tomat med sukker, noko vassfyldt kjøt og litt ost eller olje som vert kalla ost. Enkelte har òg nokre planterestar oppå for smaka si skuld. Poenget er at det er dårleg mat. Smakar kanskje greitt, er men dårleg.

Det hadde kanskje vore noko å tenkje på.

Eg ville berre nemne det…

08/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , | Kommenter innlegget