Noko smart og noko rart

men alt is art

Afghanistan – Del III

No har Afghanistan endeleg vorte eit sjølvstendig land, men moroa skulle ikkje vare lenge. Det nye Afghanistan fekk gode diplomatiske samband til den nye kommunistregjeringa i Sovjetunionen. Sovjet ynskte at Afghanistan skulle fjerne anti-kommunistiske element frå Sentral-Asia. Sjølvsagt var dette noko britane ikkje likte, men dei gjor ikkje serleg mykje ut av det.

Det var i denne perioden landet etablerte eit eige luftvern, og hæren vart omstrukturert og vart meir moderne og profesjonell. Det var mange mykje som skjedde i landet då, mange reformer som vart sette ut i live og mange som daua då den fyrste monarken av det nye Afghanistan gjekk av i 1929. Han skulle garantere for menneskerettar, for skule for alle, fjerning av slaveri og bortetter.

Men så vart det ein borgarkrig, og åtaket på Kabul, hovudstaden, var vellukka. Då dauda, som nemnt, mange av Afghanistan sine planlagte reformar, for han som tok over var ikkje like radikal. Han greidde ikkje å opprette ein fungerande hær, og mange stammestyrkjar skapte uro i landet. Den nye herskaren laga ei grunnlov i 1931, som garanterte eit slags demokrati, men dette var aldri tilfellet. I 1934 vart Afghanistan medlem av Folkeforbundet, og landet styrkja sine band med sine naboland. I dei neste tiåra var ei tid for mislukka reformer og småproblem – småkriging –  med dei lokale stammane og Pakistan, som då var ein heilt ny nasjon. Etter 1953, då Afghanistan fekk ein pro-vestleg statsminister, byrja landet å få ein meir vestleg haldning – noko ikkje alle likte, sjølvsagt.

Under den kalde krigen freista Afghanistan å styrkje bandane sine med USA, men nekta å vere med på nokre paktar i regi av USA. Ei ri etter at han hadde gått av gjorde den då tidlegare statsministeren eit statskupp som avskaffa monarkiet i landet. Afghanistan var ein republikk. Han freista å modernisere landet, men nokre få år etter, i 1978, vart det gjennomført ein nytt kupp, denne gongen av kommunistane i Afghanistan. Dette kuppet vart ikkje så vellukka som det førre. Året etter kom Sovjetunionen og skulle sjå på saka.

14/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del II

Til den nesten delen gjer me eit byks i historia fram til 1747. Då var det det vi kalla Durran-riket, styrt av Durran-dynastiet, eller Durran-familien, i det området me kallar Afghanistan i dag. Men det er ikkje det eg skal konsentrere meg om. Eg skal gjere endå eit byks fram til 1800-talet, då britane endleg hadde fått godkjent India som sin koloni. Britane og russarane var meir enn villige til å ta kontroll over land som låg mellom dei, eller mellom India, som britane åtte, og Russland. Der låg mellom anna dagens Afghanistan. Medan det russiske imperiet voks, ynskte britane å sette inn ei eiga regjering i Afghanistan. Britane visste at det har kome mange åtak mot det indiske kontinentet frå Afghanistan tidlegare, og no som russarane var rett nord for landet, var det lett for dei å berre gå gjennom. Difor ynskte dei å ta det til seg.

På trona i Afghanistan sat det ein som samarbeidde med persarane og russarane, og det førte til eit britisk åtak i 1838. Britane samarbeidde med ei lita gruppe i landet, men landet var vanskeleg å halde på, det var mange ulike hærførarar, lokale og ikkje fult så lokale, som hadde støytte hjå tsaren i Russland eller britane. Det fyrste åtaket vart mislukka. Men britane gav ikkje opp så lett og førebudde seg og utførte eit nytt åtak. Det var like vanskeleg å halde på landet då òg, det var nesten dei same militære gruppene. Og tsaren var like ivrig. Båe desse åtaka, som eigentleg var eitt samanhangande åtak var mislukka. Dei strakk seg nesten over eit halvt århundre. Så kom fyrste verdskrig, som stogga kampane, av di russarane og britane hadde hamna på same side, ved at båe var alliert med Frankrike.

Med eit åtak mot britane i India i 1919, ropte Afghanistan seg sjølv sjølvstendig. Alt i alt gjekk ikkje åtaket så bra, men dei fekk halde fram som eit sjølvstendig land. Utover det neste tiåret knytt landet seg til stadig fleire av dei store etablerte nasjonane.

13/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del I

Eg vil no, utan tydelege meiningar, skrive nokre innlegg  der eg tek føre meg historia åt Afghanistan. Afghanistan er kanskje den sanddyna i verda som er mest omtala og har den mest dramatiske historia. Historia strekk seg langt attende, like langt som all anna historie, eigentleg. Difor startar eg med å seie litt om islamifiseringa, som ikkje aqrat vart innført med såkalla «snik-islamifisering»

Afghanistan hadde allereie den gongen vorte erobra av europearar, nemleg Alexander den Store av Makedonia. Men islamifiseringa skjedde ein god det år seinare, kring år 700. Afghanistan vart konvertert til islam i dei siste århundra av det fyrste millenium. Det skjedde i samband med dei arabisk-muslimske felttoga som spreidde seg frå den arabiske halvøya etter Muhammed dauda i 637. Afghanistan vart altså islamifisert på omtrent same måte som Noreg vart kristna eit par-tre hunde år etter. Etter det vart det ymse muslimske dynasti som herja der Afghanistan er i dag.

Dette kan du se på som ei innleiing, altså…det kjem meir. Eller så gjev ikkje dette noko serleg meining.

12/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Kunnskap er makt?

Er kunnskap lik makt?

Er kunnskap lik makt?

I ymse samband høyrer vi at kunnskap er makt. Truleg på skulen. Men er eigentleg kunnskap makt?

Kvifor kan ikkje så alle smartingane styre landa i verda? -litt samfunnssatire…..

Uansett, det er utrykket eg vil sjå nærare på. Utrykket er basert på det at viss du sit på viktig informasjon, så har du makt til å styre ganske mykje. Avhengig av kva det dreier seg om. Til dømes om du har sett ein film, så spør ein annan om kva han handlar om og om du tykkjer han var bra. Kva du svarer på det kan avgjere om han eller ho vil sjå filmen eller ikkje. Fyljeleg har du makt nok til å få han til å sjå filmen eller ikkje. Eller viss du er kjend i eit område, til dømes ein by, så vil folk fylgje etter deg, eller spørje deg om kvar dei skal gå for å kome fram. Då har du makt til å gjere ganske mykje rart. Du kan til dømes berre nekte å seie noko viss du ikkje får noko att.

Men dette tyder ikkje at kunnskap er makt. Sjå for deg at du ikkje har sett filmen, men at han som spør trur det. Då kan du framleis svare det same, og du svaret ditt vil framleis avgjere om han eller ho vil sjå filme. Det er sjølvsagt inga ulempe å ha sett filmen. Poenget er er at så lenge dei du skal svare til trur du veit svaret, vil dei stole på deg. Så du treng eigentleg ikkje å vite noko sånn sett.

Eg ville berre nemne det

11/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , , | Kommenter innlegget

Påska – noko ikkje alle har skjønt?

Ein påskefeiring for dei proffe

Ei påskefeiring for dei proffe

No som den årlege påska likevel er her, så kan eg like gjerne seie noko om ho. Påska i seg sjølv er ei heilt grei orsaking for å få nokre dagar fri, og til å sende dårlege program i fjernsyne i staden for dei ordinære. Påska, som alle dei hine høgtidene har ein del merklege til ved seg, som liksom høyrer med. Som til dømes måla egg, ta inn kvistar i stova for å sjå at dei sakte dauar, ete godteri frå pappegg, noko som gjer jølve etinga litt upraktisk og sjølvsagt den gule påskekyllingen, som vi har lært å verte så glad i. Men kvar påskeharen kjem frå er framleis eit mysterium, han kjem, legg att egg og kverv før nokon ser han. Men den alle merklegaste tingen har ikkje noko med med kjende kommersielle teigen av påska, men den religiøse.

For kvar påske finn enkelte religiøse folk i utlandet, altså til og med vi i Noreg skjønar at dette vert for dumt, på å pine seg sjølv. Det er mest i dei katolske delane av verda, eller, berre i dei katolske delane. Kvar ellers? Men det å pine seg sjølv? Dei går rundt i gatene å piskar seg sjølv, med nokre piskegreier heilt til dei blør. Og då, då held dei fram endå ei ri. Enkelte tek til og med etter sjølvaste herr Kristus og lèt seg hengje opp på eit kors av tre, sume med spikar, sume med tau. Dei som lèt seg spikre fast til plankene vert nøydd til å gå rundt med store hòl i hendene, for dei gror ikkje så raskt, det positive er at hòla er der neste år òg. I desse miljøa finst det òg veteranar som «kan dette her», slik som i andre bransjar. Dei ber store namn innad i miljøet, som eg ikkje kan skrive med latinske bokstavar, men dei er berre kjend for dei som driv med dette, slik som Tony Hawk er for rullebrettkjøyrarar.  Jesus, som ein av dei fyrste verdskjendisane, visste ikkje kor lett folk tek etter kjendisar – tydeligvis, men han, som Gud sin son og greier, burde skjøne såpass.

Det at dei faktisk gjer det kan eg ikkje seie noko på, med tanke på at det skjer verre og meir barbariske ting i verda som berre ventar på ein sivilisert kommentar – til dømes krigen i Afghanistan. Men grunnen til at dei gjer det er heilt…rar. Dei gjer det for å gå i Jesus sine fotspor og for å syne til Jesus og verda kor kristne dei er. Kor katolske dei er. Men same kor kristne dei er så er det noko med dei ikkje har skjønt; nemleg grunne til at Jesus vart korsfesta. Han vart nemleg korsfesta for alle oss andre, slik at vi ikkje treng det. Han vart straffa for alle syndane til menneska. Dette er vel kanskje dårleg nytt for dei med hòl i hendene sine.

Men det er noko å tenkje på før du veljer å sysle med slike ting.

Eg ville berre nemne det…

10/04/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Ballerinakjeksen – faktor for faktor

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.

Alle har vel høyrd om Ballerina-kjeksen. Pakka er raud, har nokre bilete av kjeksen og sjølvsagt står namnet på høgkant. Kjeksen ser ut som ein tørka smultring, men om du ikkje veit det, er det inga meining i å lese resten.

Kjeksen er heilt grei, ikkje av dei beste, men dei kunne vore mykje verre. Noko det finst døme på, utan at eg skal gå nærare inn på det. Men det er eitt element med denne kjeksen som er litt irriterande. Kjeksen er bygd opp av tre lag, ikkje det at dét er så gale, men det er eitt av laga som er litt spesielt. Dei tre laga er fyrst ein botnkjeks som truleg inneheld noko kakao eller noko som liknar, og har ein god kakaosmak. Oppå den er det eit lag med ein nøttesjokolade som liknar Nugatti, desse to laga samhandlar og skapar ein god sjokoladesmak, men Sætre nøygjer seg ikkje med dét. Neinei.

Etter det kjem det, det plagsomme kvite laget som ikkje inneheld noka form for kakao. Kvifor er det der i det heile tatt? Er det mangel på sjokolade? Overskot av ekle kvite kjeks med hòl i? Ville eg ha hatt kjeks utan sjokolade ville eg ha kjøpt det, men eg vil ha sjokoladekjeks, ikkje ei blanding. Så eg ville berre ha fjerna det, og heller seld det som ein eigen kjeks – om det er så viktig å få seld han.

Den kvite kjeksen øydelegg totalsmaken.

Eg ville berre nemne det

09/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget

No skal vi kose oss, med litt fast food

Veldig mange har den tradisjonen med å samle seg og sjå på kjekke NRK-program på laurdagskveldane. Det er ikkje noko nytt fenomen, det starta allereie då NRK Radio byrja å sende familieprogram i radioen og det heldt fram då fjernsynet kom, og har no nesten vorte ein tradisjon hjå det norske folk. Men det at folk ser på program ingen eigentleg har lyst å sjå, eller at dei snakkar om ting ingen av dei er interessert i, det er relativt greit.

Det er maten det er noko gale med. Eller gale og gale, det viktigaste er vel at dei er nøgde. Men maten er ikkje heilt bra. Som nemt er laurdagskvelden ein familiekveld hjå mange familiar. Då skal dei setje seg for å sjå eit eller anna på NRK, ingen veit kva som går, men det er ikkje viktig. Dei latar som det er viktig med å sjå i lokalavisa og seier ting som: «Jasså, ja? Er det han som skal på skjerma i dag» Også er det maten. Reint logisk skal det då vere litt ekstra god mat denne dagen, i alle fall vanleg god mat, men neidå. Dei aller fleste et pizza. Det er mange som ete heimelaga pizza, og det er jo faktisk grei mat, slik det kanskje burde vere, så dei ser eg bort frå. Men eg tenkjer på frossenpizza, frossenpizza som sikkert er laga lengje før han kjem i butikken og som er fryst i butikken på alt for høg temperatur. Ein frossenpizza er stort sett laga av mjøl og litt vatn, og på toppen er det spreidd ein kvart tomat med sukker, noko vassfyldt kjøt og litt ost eller olje som vert kalla ost. Enkelte har òg nokre planterestar oppå for smaka si skuld. Poenget er at det er dårleg mat. Smakar kanskje greitt, er men dårleg.

Det hadde kanskje vore noko å tenkje på.

Eg ville berre nemne det…

08/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , | Kommenter innlegget

SENK FARTA – FOTOBOKS

Senk farta ei ri - fotoboksen kjem

Senk farta ei ri - fotoboksen kjem

Det er mange ting vegvesenet gjer som er bra og det er nokre ting dei gjer som ikkje er så bra. Kva som er kva kan diskuterast, sjølvsagt. Men uansett kva du, eller de, meiner så er det éin ting som skil seg ut. Nemleg skiltet som syner at det er fotoboks i løpet av dei neste to-tre hundre meterane.

Eg berre spør: Er ikkje meininga med slike fotoboksar at dei skal ta dei som kjøyrar for raskt og skapar farlege situasjonar og trugar det perfekte trafikkbilete som så mange har eit ynskje om? Det er i alle fall slik eg har oppfatta det. Men det verkar som det er eit slikt kamera som er på tømmerrenna på Tusenfryd, no som dei har fått eigne skilt som åtvarar alle råkjøyrarar som har brukt dei siste kronene sine til bilen sin. Eller bildelar då sjølvsagt.

No får dei sitt eige signal som skrik til dei kvar fotoboksane har gjøymd seg, slik at dei då kan senke farta ei ri til faren er over, og fotoboksen passert. Det er greit det at dei senker farta, men kva hjelp det så lengje det er berre i om lag 100 meter?

Verre er det når det ikkje er kamera i boksen, slik at det vert berre ein boks. Desse boksane utan kamera er sjølvsagt strategisk plassert på plassar der det garantert berre kjøyrar lokale folk som veit at boksen er tom, og boksen misser funksjonen sin.

Hadde eg styrt dette landet her, så hadde det vore betre…det hadde vel strengt tatt ikkje vore så mange fotoboksar. Uansett, skal det vere fotoboksar må dei i det minste fungere. Det må ikkje vere kamera i dei, men det skal sjaførane liksom ikkje vite, i alle fall ikkje kva boksar som ikkje har kamera. Dei må òg vere overalt, om dei skal fungere.

Det aller beste hadde sjølvsagt vore å fjerna skilta.

Eg ville berre nemne det.

08/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , | Kommenter innlegget

Hello verda!

Velkommen til WordPress.com. Dette er ditt fyrste innlegg. Endre eller fjern det og start skrivinga!

08/04/2009 Posted by | Uncategorized | Kommenter innlegget