Noko smart og noko rart

men alt is art

Fyrste fyrste mai-dag

Eg klarte ikkje å la det vere. Når eg har skrive om fyrste mai på bokmål, må eg skrive noko om dagen på nynorsk òg. Etter å ha tenkt ganske lenge, om lag i tre og fire kvart minutt, fann eg ut at eg kunne skrive om dagen derpå, fyrste fyrste mai-dag. Eller skrive om fyrste mai sett frå fyrste fyrste mai-dag.

Ser eg attover, på fyrste mai, var det demonstrasjoner og opptøyer sume stadar og andre stadar var det bruk av vald. Ein vanleg fyrste mai, altså.

Men så er det attende til jobb og skule, etter ein hard dag med demonstrering på ymse vis, roping av slagord og stiling ymse krav. For alle er ikkje dette like enkelt, men det skal ikkje eg skrive serleg mykje om. Men kanskje litt, for som dei fleste burde vilte så er det laurdag i dag, noko som tyder at vi ikkje skal gå attende til jobb of skule før på måndag. Heldig med dén.

Men.

Fyrste mai er ein dag ulik dei hine dagane, til dømes er det den einaste dagen som av politiske grunnar har vorte ein fridag. Men det er FYRSTE mai, dette her var meint å handle om fyrste fyrste mai-dag. Ftrste mai er ein dag som skal fremme arbeiderrørsla og deira rettar; til dømes: Kortare arbeidsdag, høgare løn, betre mat i kantina og bortetter. Men, det kan vere av di det er laurdag, men eg har ikkje sett noko til noko av det. Ikkje kortare arbeidsdag, ikkje høgare løn og ikkje betre mat i kantina. Ikkje betre arbeidstilhøve heller for den saka si skuld.

Ein kan jo byrje å lure på om dette verkleg fungerar.

PS.
DO NOT TRY THIS AT HOME!
Ikkje bruk omgrepet «fyrste fyrste mai-dag» i saklege samband, det var berre noko eg fann på.

Eg ville berre nemne det…

02/05/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget