Afghanistan – Del III
No har Afghanistan endeleg vorte eit sjølvstendig land, men moroa skulle ikkje vare lenge. Det nye Afghanistan fekk gode diplomatiske samband til den nye kommunistregjeringa i Sovjetunionen. Sovjet ynskte at Afghanistan skulle fjerne anti-kommunistiske element frå Sentral-Asia. Sjølvsagt var dette noko britane ikkje likte, men dei gjor ikkje serleg mykje ut av det.
Det var i denne perioden landet etablerte eit eige luftvern, og hæren vart omstrukturert og vart meir moderne og profesjonell. Det var mange mykje som skjedde i landet då, mange reformer som vart sette ut i live og mange som daua då den fyrste monarken av det nye Afghanistan gjekk av i 1929. Han skulle garantere for menneskerettar, for skule for alle, fjerning av slaveri og bortetter.
Men så vart det ein borgarkrig, og åtaket på Kabul, hovudstaden, var vellukka. Då dauda, som nemnt, mange av Afghanistan sine planlagte reformar, for han som tok over var ikkje like radikal. Han greidde ikkje å opprette ein fungerande hær, og mange stammestyrkjar skapte uro i landet. Den nye herskaren laga ei grunnlov i 1931, som garanterte eit slags demokrati, men dette var aldri tilfellet. I 1934 vart Afghanistan medlem av Folkeforbundet, og landet styrkja sine band med sine naboland. I dei neste tiåra var ei tid for mislukka reformer og småproblem – småkriging – med dei lokale stammane og Pakistan, som då var ein heilt ny nasjon. Etter 1953, då Afghanistan fekk ein pro-vestleg statsminister, byrja landet å få ein meir vestleg haldning – noko ikkje alle likte, sjølvsagt.
Under den kalde krigen freista Afghanistan å styrkje bandane sine med USA, men nekta å vere med på nokre paktar i regi av USA. Ei ri etter at han hadde gått av gjorde den då tidlegare statsministeren eit statskupp som avskaffa monarkiet i landet. Afghanistan var ein republikk. Han freista å modernisere landet, men nokre få år etter, i 1978, vart det gjennomført ein nytt kupp, denne gongen av kommunistane i Afghanistan. Dette kuppet vart ikkje så vellukka som det førre. Året etter kom Sovjetunionen og skulle sjå på saka.
-
Recent
-
Lenkjer
-
Arkiv
- juni 2009 (3)
- mai 2009 (3)
- april 2009 (13)
-
kategoriar
-
RSS
Entries RSS
Comments RSS