Noko smart og noko rart

men alt is art

Påska – noko ikkje alle har skjønt?

Ein påskefeiring for dei proffe

Ei påskefeiring for dei proffe

No som den årlege påska likevel er her, så kan eg like gjerne seie noko om ho. Påska i seg sjølv er ei heilt grei orsaking for å få nokre dagar fri, og til å sende dårlege program i fjernsyne i staden for dei ordinære. Påska, som alle dei hine høgtidene har ein del merklege til ved seg, som liksom høyrer med. Som til dømes måla egg, ta inn kvistar i stova for å sjå at dei sakte dauar, ete godteri frå pappegg, noko som gjer jølve etinga litt upraktisk og sjølvsagt den gule påskekyllingen, som vi har lært å verte så glad i. Men kvar påskeharen kjem frå er framleis eit mysterium, han kjem, legg att egg og kverv før nokon ser han. Men den alle merklegaste tingen har ikkje noko med med kjende kommersielle teigen av påska, men den religiøse.

For kvar påske finn enkelte religiøse folk i utlandet, altså til og med vi i Noreg skjønar at dette vert for dumt, på å pine seg sjølv. Det er mest i dei katolske delane av verda, eller, berre i dei katolske delane. Kvar ellers? Men det å pine seg sjølv? Dei går rundt i gatene å piskar seg sjølv, med nokre piskegreier heilt til dei blør. Og då, då held dei fram endå ei ri. Enkelte tek til og med etter sjølvaste herr Kristus og lèt seg hengje opp på eit kors av tre, sume med spikar, sume med tau. Dei som lèt seg spikre fast til plankene vert nøydd til å gå rundt med store hòl i hendene, for dei gror ikkje så raskt, det positive er at hòla er der neste år òg. I desse miljøa finst det òg veteranar som «kan dette her», slik som i andre bransjar. Dei ber store namn innad i miljøet, som eg ikkje kan skrive med latinske bokstavar, men dei er berre kjend for dei som driv med dette, slik som Tony Hawk er for rullebrettkjøyrarar.  Jesus, som ein av dei fyrste verdskjendisane, visste ikkje kor lett folk tek etter kjendisar – tydeligvis, men han, som Gud sin son og greier, burde skjøne såpass.

Det at dei faktisk gjer det kan eg ikkje seie noko på, med tanke på at det skjer verre og meir barbariske ting i verda som berre ventar på ein sivilisert kommentar – til dømes krigen i Afghanistan. Men grunnen til at dei gjer det er heilt…rar. Dei gjer det for å gå i Jesus sine fotspor og for å syne til Jesus og verda kor kristne dei er. Kor katolske dei er. Men same kor kristne dei er så er det noko med dei ikkje har skjønt; nemleg grunne til at Jesus vart korsfesta. Han vart nemleg korsfesta for alle oss andre, slik at vi ikkje treng det. Han vart straffa for alle syndane til menneska. Dette er vel kanskje dårleg nytt for dei med hòl i hendene sine.

Men det er noko å tenkje på før du veljer å sysle med slike ting.

Eg ville berre nemne det…

10/04/2009 - Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , , , ,

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: