Noko smart og noko rart

men alt is art

No skal vi kose oss, med litt fast food

Veldig mange har den tradisjonen med å samle seg og sjå på kjekke NRK-program på laurdagskveldane. Det er ikkje noko nytt fenomen, det starta allereie då NRK Radio byrja å sende familieprogram i radioen og det heldt fram då fjernsynet kom, og har no nesten vorte ein tradisjon hjå det norske folk. Men det at folk ser på program ingen eigentleg har lyst å sjå, eller at dei snakkar om ting ingen av dei er interessert i, det er relativt greit.

Det er maten det er noko gale med. Eller gale og gale, det viktigaste er vel at dei er nøgde. Men maten er ikkje heilt bra. Som nemt er laurdagskvelden ein familiekveld hjå mange familiar. Då skal dei setje seg for å sjå eit eller anna på NRK, ingen veit kva som går, men det er ikkje viktig. Dei latar som det er viktig med å sjå i lokalavisa og seier ting som: «Jasså, ja? Er det han som skal på skjerma i dag» Også er det maten. Reint logisk skal det då vere litt ekstra god mat denne dagen, i alle fall vanleg god mat, men neidå. Dei aller fleste et pizza. Det er mange som ete heimelaga pizza, og det er jo faktisk grei mat, slik det kanskje burde vere, så dei ser eg bort frå. Men eg tenkjer på frossenpizza, frossenpizza som sikkert er laga lengje før han kjem i butikken og som er fryst i butikken på alt for høg temperatur. Ein frossenpizza er stort sett laga av mjøl og litt vatn, og på toppen er det spreidd ein kvart tomat med sukker, noko vassfyldt kjøt og litt ost eller olje som vert kalla ost. Enkelte har òg nokre planterestar oppå for smaka si skuld. Poenget er at det er dårleg mat. Smakar kanskje greitt, er men dårleg.

Det hadde kanskje vore noko å tenkje på.

Eg ville berre nemne det…

08/04/2009 - Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , ,

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: