Noko smart og noko rart

men alt is art

FOTBALL!!!

-og karbondioksid

Eg veit eg har ei litt tabloid overskrift, men det er gjort om lag 87 % med vilje.

Ikkje alle tenkjer så mykje på dei to tinga samtidig, fotball og CO2. Det kjem kanskje av at dei som held på med fotball ikkje tenkjer så mykje, men òg av di dei hine, som driv ikkje driv med fotball, ikkje har så mykje med fotball å gjere. (med god grunn?)

Dei få som faktisk tenkjer på dei to tinga til same tid, som sikkert er miljøvernarar som hatar fotball, tenkjer høgst sannsynleg mest på at fotballindustrien slepp ut for mykje av denne livbringane gassen. Dei tenkjer at det krev mykje energi å lage alle ballane, og sjølvsagt frakta frå ein eller annan plass i Hung-Chang, byggje alle stadiona og bortetter. Men dei har rett; det  krev mykje energi og fylgjeleg då mykje slike «utslepp», som vi etterkvart har byrja å kalle det.

For

Fotball krev mykje energi. Som nemnt, vert det bygd mange stadion, og kvar enkelt av dei inneheld mange fotballar. Men det finst fleire ting. Til dømes spele ikkje spelarane på same bane heile tida. Dei flyttar seg rundt i landet og i verda, og det gjer dei ikkje med beina. Dei flyg – og alle veit at fly ikkje held på karbonet. Også er det alle tilhengjarane, dei flyg ofte dei òg når dei straumar som mævvr til tribunane sine.

Men

Fotballen gjer òg mykj noko som er bra. Det er vel ikkje fotballspelarane som gjer det, heller ikkjeklubbane. Så kven som gjer det og har skulda er ikkje lett å finne ut av. Også var det det som er bra då, kva kan det vere.

Men fyrst, litt fakta…

Karbondioksid er eit avfallsstoff frå forbrukande dyr, som nyttar oksygen og sukker for å leve. Dette avfallsstoffet nyttar produserarane i sitt arbeid med å overleve. Det er ein prosess  som omdannar vatn, karbondioksid og solenergi til sukker og oksygen. Dei såkalla produsentarane er det vi i dagleglivet ser på som tre, gras og planter.

Kva har det med fotball å gjere? Jo det har det med å gjere at fotballspelarane faktisk speler på ei diger matte av gras. Ei grasmatte som heile tida tek opp CO2. Så mange fotballbaner det finst i verda må det jo ha noko å seie? Men ser vi attover ser vi at det kanskje ikkje veg opp.

Eg veit ikkje – eg ville berre nemne det

Medan spelarane spelar, jobbar graset for klimaet

Medan spelarane spelar, jobbar graset for klimaet

20/04/2009 Posted by | Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Noreg – kjem opp frå djupet som sjønasjon

No har dei norske utsendingane til SN endeleg smilt så mykje at dei fekk store massar med vatn. Desse mengdene har Noreg  -og dei hine nasjonane her oppe – kjempa for lenge, og no har vi endeleg vunne. Noreg kan endeleg sende ut kystvakta til dei områda for å jage vekk folk som ikkje er norsk. No kan Noreg att ein gong føle seg som ekte nordmenn, som då «vi» herska over nordsjøen, då må tanken om at vi fekk dei av SN sjølvsagt trengjast vekk.

No jublar alle nordmenn, Nore har vorte større. Sjølvsagt er det bra! Alle går no rundt å smilar og tenkjer: «Eg tenkjer på at Noreg har vorte større, gjer du?» Og så føler dei at har medverka smått med den tanken. Men dei reagerer som om livet deira kjem til å verte betre. Som om dette er ein prestasjon for dei personleg…litt rart…

Men til det som kanskje kan reknast som viktigast; at vi får fleire millionar liter vatn veldig langt ute på sjøen. Korleis vi skal få tak i det eller å bruke det er eit spørsmål eg undrar over. Vi må jo bruke opp det vi har frå før. Dei vonar jo å finne fisk der, sjølv om folk har fiska der i årevis, så det å vone på det er litt rart. Men det dei vonar mest på er om dei kan finne olje og gass der ute. Då kan Noreg byggje endå ei av verdas lengste gassrøyrleidningar, og få verda sine auge retta mot seg. Dei han halde fram dobbelmoralen som oljeleverande miljønasjon som slepp ut mest CO2 i høve til tal innbyggjarar. Jaudå det er litt rart å gje monsteret til nokon som slepp det fri, for så å klage på at det er frisette. Men kva gjer vel dét? Noreg vart større!

No har politikarane og kystvakta noko å sysle med ei stund.

Eg ville berre nemne det.

17/04/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Romartala

Med “serien” om Afghanistan, som eg i fyrste del gav uttrykk av at eg ikkje hadde noko meining i, ville eg skrive om historia åt landet. Eg ville med det syne at Afghanistan alltid har vore herja med krig. Det er eit land som folk, både innanifrå og utanfrå, har freista å skape “fred” i, utan å lukast, i hundrevis av år. Og no gjer NATO og USA det same endå ein gong. Kvifor gje det ein ny sjanse? Det har vore gjort før, mange gonger.

Det er ikkje mogleg å okkupere ein sandhaug med militærteknologi – i alle fall ikkje lett.

Men for all del, det kan jo hende det fungersr,eg skal ikkje konkludere med noko, eg ville berre nemne det…

16/04/2009 Posted by | Afghanistan, Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del IV

I 1979 invaderte Sovjetunionen Afghanistan for å hjelpe den kommunistisk freistnaden på å ta makta i landet. Sovjet, som då var ein moderne militærnasjon, skulle sjølvsagt ta dette landet fort. Sovjetarane tok raskt Kabul, og sat inn ei ny kommunistisk regjering. Men sidan regjeringa var ikkje serleg populær hjå folket av di ho var sette inn av ei framand makt. Det var vanskeleg å byggje ein hær til den nye regjeringa, og leiarane i Moskva undervurderte motstanden dei ville få. Dei sende alt for få styrkjar og satsa for mykje på heimestyrkjane. Omverda likte sjølvsagt ikkje at Sovjetunionen hjelpte, eller invaderte, alt ettersom Afghanistan. Pakistan lét USA, etter amerikansk press sjølvsagt, bruke Pakistans si strategisk plassering til å hjelpe afghanarane som var mot kommunistane. Dei hine arabiske landa stilte seg mot invasjonen, det gjorde òg mange land i SN, men der hadde Sovjet vetorett, så dei kunne ikkje gjere noko. Utover i 80-åra auka Sovjet satsinga på krigen, men det såg ikkje ut til å ha noko innverknad. Etter nokre år med «meiningslaus kriging» synte Sovjet små teikn på å trekkje seg ut. I dei siste åra av tiåret trakk Den raude armé seg ut or afghanistan. Dei hadde misse mange menneske utan noko hensikt, eller til nesten ingen nytte.

Er det fleir som vil prøve?

15/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del III

No har Afghanistan endeleg vorte eit sjølvstendig land, men moroa skulle ikkje vare lenge. Det nye Afghanistan fekk gode diplomatiske samband til den nye kommunistregjeringa i Sovjetunionen. Sovjet ynskte at Afghanistan skulle fjerne anti-kommunistiske element frå Sentral-Asia. Sjølvsagt var dette noko britane ikkje likte, men dei gjor ikkje serleg mykje ut av det.

Det var i denne perioden landet etablerte eit eige luftvern, og hæren vart omstrukturert og vart meir moderne og profesjonell. Det var mange mykje som skjedde i landet då, mange reformer som vart sette ut i live og mange som daua då den fyrste monarken av det nye Afghanistan gjekk av i 1929. Han skulle garantere for menneskerettar, for skule for alle, fjerning av slaveri og bortetter.

Men så vart det ein borgarkrig, og åtaket på Kabul, hovudstaden, var vellukka. Då dauda, som nemnt, mange av Afghanistan sine planlagte reformar, for han som tok over var ikkje like radikal. Han greidde ikkje å opprette ein fungerande hær, og mange stammestyrkjar skapte uro i landet. Den nye herskaren laga ei grunnlov i 1931, som garanterte eit slags demokrati, men dette var aldri tilfellet. I 1934 vart Afghanistan medlem av Folkeforbundet, og landet styrkja sine band med sine naboland. I dei neste tiåra var ei tid for mislukka reformer og småproblem – småkriging –  med dei lokale stammane og Pakistan, som då var ein heilt ny nasjon. Etter 1953, då Afghanistan fekk ein pro-vestleg statsminister, byrja landet å få ein meir vestleg haldning – noko ikkje alle likte, sjølvsagt.

Under den kalde krigen freista Afghanistan å styrkje bandane sine med USA, men nekta å vere med på nokre paktar i regi av USA. Ei ri etter at han hadde gått av gjorde den då tidlegare statsministeren eit statskupp som avskaffa monarkiet i landet. Afghanistan var ein republikk. Han freista å modernisere landet, men nokre få år etter, i 1978, vart det gjennomført ein nytt kupp, denne gongen av kommunistane i Afghanistan. Dette kuppet vart ikkje så vellukka som det førre. Året etter kom Sovjetunionen og skulle sjå på saka.

14/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del II

Til den nesten delen gjer me eit byks i historia fram til 1747. Då var det det vi kalla Durran-riket, styrt av Durran-dynastiet, eller Durran-familien, i det området me kallar Afghanistan i dag. Men det er ikkje det eg skal konsentrere meg om. Eg skal gjere endå eit byks fram til 1800-talet, då britane endleg hadde fått godkjent India som sin koloni. Britane og russarane var meir enn villige til å ta kontroll over land som låg mellom dei, eller mellom India, som britane åtte, og Russland. Der låg mellom anna dagens Afghanistan. Medan det russiske imperiet voks, ynskte britane å sette inn ei eiga regjering i Afghanistan. Britane visste at det har kome mange åtak mot det indiske kontinentet frå Afghanistan tidlegare, og no som russarane var rett nord for landet, var det lett for dei å berre gå gjennom. Difor ynskte dei å ta det til seg.

På trona i Afghanistan sat det ein som samarbeidde med persarane og russarane, og det førte til eit britisk åtak i 1838. Britane samarbeidde med ei lita gruppe i landet, men landet var vanskeleg å halde på, det var mange ulike hærførarar, lokale og ikkje fult så lokale, som hadde støytte hjå tsaren i Russland eller britane. Det fyrste åtaket vart mislukka. Men britane gav ikkje opp så lett og førebudde seg og utførte eit nytt åtak. Det var like vanskeleg å halde på landet då òg, det var nesten dei same militære gruppene. Og tsaren var like ivrig. Båe desse åtaka, som eigentleg var eitt samanhangande åtak var mislukka. Dei strakk seg nesten over eit halvt århundre. Så kom fyrste verdskrig, som stogga kampane, av di russarane og britane hadde hamna på same side, ved at båe var alliert med Frankrike.

Med eit åtak mot britane i India i 1919, ropte Afghanistan seg sjølv sjølvstendig. Alt i alt gjekk ikkje åtaket så bra, men dei fekk halde fram som eit sjølvstendig land. Utover det neste tiåret knytt landet seg til stadig fleire av dei store etablerte nasjonane.

13/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Afghanistan – Del I

Eg vil no, utan tydelege meiningar, skrive nokre innlegg  der eg tek føre meg historia åt Afghanistan. Afghanistan er kanskje den sanddyna i verda som er mest omtala og har den mest dramatiske historia. Historia strekk seg langt attende, like langt som all anna historie, eigentleg. Difor startar eg med å seie litt om islamifiseringa, som ikkje aqrat vart innført med såkalla «snik-islamifisering»

Afghanistan hadde allereie den gongen vorte erobra av europearar, nemleg Alexander den Store av Makedonia. Men islamifiseringa skjedde ein god det år seinare, kring år 700. Afghanistan vart konvertert til islam i dei siste århundra av det fyrste millenium. Det skjedde i samband med dei arabisk-muslimske felttoga som spreidde seg frå den arabiske halvøya etter Muhammed dauda i 637. Afghanistan vart altså islamifisert på omtrent same måte som Noreg vart kristna eit par-tre hunde år etter. Etter det vart det ymse muslimske dynasti som herja der Afghanistan er i dag.

Dette kan du se på som ei innleiing, altså…det kjem meir. Eller så gjev ikkje dette noko serleg meining.

12/04/2009 Posted by | Afghanistan, Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , | Kommenter innlegget

Kunnskap er makt?

Er kunnskap lik makt?

Er kunnskap lik makt?

I ymse samband høyrer vi at kunnskap er makt. Truleg på skulen. Men er eigentleg kunnskap makt?

Kvifor kan ikkje så alle smartingane styre landa i verda? -litt samfunnssatire…..

Uansett, det er utrykket eg vil sjå nærare på. Utrykket er basert på det at viss du sit på viktig informasjon, så har du makt til å styre ganske mykje. Avhengig av kva det dreier seg om. Til dømes om du har sett ein film, så spør ein annan om kva han handlar om og om du tykkjer han var bra. Kva du svarer på det kan avgjere om han eller ho vil sjå filmen eller ikkje. Fyljeleg har du makt nok til å få han til å sjå filmen eller ikkje. Eller viss du er kjend i eit område, til dømes ein by, så vil folk fylgje etter deg, eller spørje deg om kvar dei skal gå for å kome fram. Då har du makt til å gjere ganske mykje rart. Du kan til dømes berre nekte å seie noko viss du ikkje får noko att.

Men dette tyder ikkje at kunnskap er makt. Sjå for deg at du ikkje har sett filmen, men at han som spør trur det. Då kan du framleis svare det same, og du svaret ditt vil framleis avgjere om han eller ho vil sjå filme. Det er sjølvsagt inga ulempe å ha sett filmen. Poenget er er at så lenge dei du skal svare til trur du veit svaret, vil dei stole på deg. Så du treng eigentleg ikkje å vite noko sånn sett.

Eg ville berre nemne det

11/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , , | Kommenter innlegget

Påska – noko ikkje alle har skjønt?

Ein påskefeiring for dei proffe

Ei påskefeiring for dei proffe

No som den årlege påska likevel er her, så kan eg like gjerne seie noko om ho. Påska i seg sjølv er ei heilt grei orsaking for å få nokre dagar fri, og til å sende dårlege program i fjernsyne i staden for dei ordinære. Påska, som alle dei hine høgtidene har ein del merklege til ved seg, som liksom høyrer med. Som til dømes måla egg, ta inn kvistar i stova for å sjå at dei sakte dauar, ete godteri frå pappegg, noko som gjer jølve etinga litt upraktisk og sjølvsagt den gule påskekyllingen, som vi har lært å verte så glad i. Men kvar påskeharen kjem frå er framleis eit mysterium, han kjem, legg att egg og kverv før nokon ser han. Men den alle merklegaste tingen har ikkje noko med med kjende kommersielle teigen av påska, men den religiøse.

For kvar påske finn enkelte religiøse folk i utlandet, altså til og med vi i Noreg skjønar at dette vert for dumt, på å pine seg sjølv. Det er mest i dei katolske delane av verda, eller, berre i dei katolske delane. Kvar ellers? Men det å pine seg sjølv? Dei går rundt i gatene å piskar seg sjølv, med nokre piskegreier heilt til dei blør. Og då, då held dei fram endå ei ri. Enkelte tek til og med etter sjølvaste herr Kristus og lèt seg hengje opp på eit kors av tre, sume med spikar, sume med tau. Dei som lèt seg spikre fast til plankene vert nøydd til å gå rundt med store hòl i hendene, for dei gror ikkje så raskt, det positive er at hòla er der neste år òg. I desse miljøa finst det òg veteranar som «kan dette her», slik som i andre bransjar. Dei ber store namn innad i miljøet, som eg ikkje kan skrive med latinske bokstavar, men dei er berre kjend for dei som driv med dette, slik som Tony Hawk er for rullebrettkjøyrarar.  Jesus, som ein av dei fyrste verdskjendisane, visste ikkje kor lett folk tek etter kjendisar – tydeligvis, men han, som Gud sin son og greier, burde skjøne såpass.

Det at dei faktisk gjer det kan eg ikkje seie noko på, med tanke på at det skjer verre og meir barbariske ting i verda som berre ventar på ein sivilisert kommentar – til dømes krigen i Afghanistan. Men grunnen til at dei gjer det er heilt…rar. Dei gjer det for å gå i Jesus sine fotspor og for å syne til Jesus og verda kor kristne dei er. Kor katolske dei er. Men same kor kristne dei er så er det noko med dei ikkje har skjønt; nemleg grunne til at Jesus vart korsfesta. Han vart nemleg korsfesta for alle oss andre, slik at vi ikkje treng det. Han vart straffa for alle syndane til menneska. Dette er vel kanskje dårleg nytt for dei med hòl i hendene sine.

Men det er noko å tenkje på før du veljer å sysle med slike ting.

Eg ville berre nemne det…

10/04/2009 Posted by | Noko smart og noko rart, Nyhende | , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Ballerinakjeksen – faktor for faktor

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.

Her ser me tydeleg den kvite delen som ligg oppå.

Alle har vel høyrd om Ballerina-kjeksen. Pakka er raud, har nokre bilete av kjeksen og sjølvsagt står namnet på høgkant. Kjeksen ser ut som ein tørka smultring, men om du ikkje veit det, er det inga meining i å lese resten.

Kjeksen er heilt grei, ikkje av dei beste, men dei kunne vore mykje verre. Noko det finst døme på, utan at eg skal gå nærare inn på det. Men det er eitt element med denne kjeksen som er litt irriterande. Kjeksen er bygd opp av tre lag, ikkje det at dét er så gale, men det er eitt av laga som er litt spesielt. Dei tre laga er fyrst ein botnkjeks som truleg inneheld noko kakao eller noko som liknar, og har ein god kakaosmak. Oppå den er det eit lag med ein nøttesjokolade som liknar Nugatti, desse to laga samhandlar og skapar ein god sjokoladesmak, men Sætre nøygjer seg ikkje med dét. Neinei.

Etter det kjem det, det plagsomme kvite laget som ikkje inneheld noka form for kakao. Kvifor er det der i det heile tatt? Er det mangel på sjokolade? Overskot av ekle kvite kjeks med hòl i? Ville eg ha hatt kjeks utan sjokolade ville eg ha kjøpt det, men eg vil ha sjokoladekjeks, ikkje ei blanding. Så eg ville berre ha fjerna det, og heller seld det som ein eigen kjeks – om det er så viktig å få seld han.

Den kvite kjeksen øydelegg totalsmaken.

Eg ville berre nemne det

09/04/2009 Posted by | Gamalhende, Noko smart og noko rart | , , , , | Kommenter innlegget